Denne veka har to norske ungdomsdelegatar tala til FN om utdanning for unge og å involvera unge i fredsbygging.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To ungdomsdelegatar frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er nett no i New York, på FNs generalforsamling. Som ungdomsdelegatar frå Noreg, skal Amalie Gunnufsen (23) og Rahman Akhtar Chaudhry (22) vera med i generalforsamlinga i tre veker. 

Tysdag denne veka (1. oktober), heldt dei begge sine første talar i FN, som også vart live-streama.

– Det var ganske sjukt. Eg trur ikkje eg heilt skjønte kor ekte det var, før me sat der, seier Chaudhry på telefon frå USA. 

Chaudry kjem med jamnlege oppdateringar på opphaldet, på sine Instagram-stories.

Sette seg på feil plass

Chaudhry fortel at dei to ungdomsdelegatane sette seg på bakbenkane då dei kom inn, men fekk beskjed om at dei ikkje skulle sitja der. Dei skulle sitja ved «Norway»-skiltet, og representera landet.

– Det skiltet har ein jo sett mange gonger på TV, så det var ei veldig sær oppleving. Eg sat ved sida av Pakistan, der det sat ein vaksen mann som ikkje skjønte heilt kvifor me var der.

Ungdom frå alle land i verda kan bli ungdomsdelegatar, men det er framleis få land som har lang tradisjon for dette. Australia, Bulgaria, Tyskland, Nederland, Noreg, Romania, Sverige, Sveits og Thailand, blir difor sett på som gode døme.

Chaudry fortel at det også difor er ein del av dei andre som ikkje heilt veit kva ungdomsdelegatane gjer der.

– Men eg føler likevel at me blir tekne seriøst og lytta til. Den norske delegasjonen er svært støttande og FN har også eit godt støtteapparat rundt ungdomsdelegasjonane. Dette trur eg også er med på å gjera at dei andre landa også tek oss på alvor.

– Utdanning er det viktigaste i verda

Til vanleg brukar Chaudry dagane på jusstudiet ved Universitetet i Bergen, men søkte på vervet som ungdomsdelegat fordi han vil setje fokus på utdanning.

– Eg synest utdanning er det viktigaste i verda, og ville gjerne få høvet til å jobba med dette på eit internasjonalt nivå. 

Dette fekk han også snakka om frå talarstolen, og la vekt på at alle unge har ein absolutt rett på utdanning. Meddelegat Gunnfusen snakka om at ungdom må inkluderast i fredsprosessar.

– Var det vanskeleg å skriva talen?

– Veldig! Men talen skulle også godkjennast av Utanriksdepartementet, og me har fått mykje hjelp av dei, fortel Chaudry.

Dei neste tre vekene skal dei to ungdomane frå Noreg delta i den «tredje komitéen» i generalforsamlinga til FN. Komitéen arbeider mellom anna med sosiale forhold, menneskerettar og ungdom.

 

Her kan du lese talane til dei to ungdomsdelegatane:

Talen til Rahman Akhtar Chaudhry

Eg hadde aldri trudd eg skulle sitja her som representant for min generasjon og mitt land, her på høgdepunktet for internasjonal solidaritet og samarbeid. Då far min kom til Oslo som ein ung mann 1982, var det ikkje gitt at han ville slå seg til ro i sitt nye heimland. Heldigvis for far min, vart han effektivt integrert i det norske utdanningssystemet.

Eg skulle ynskje dette var historia til alle innvandrarar, fordrivne og flyktningar – men sånn er det ikkje. Tala er foruroligande. FNs høykommissær for flyktningar anslår at 3,7 millionar fordrivne barn, har droppa ut av skulesystemet. I flyktningeleiarar over heile verda, er det ei frykteleg stor mangel på utdannings-struktur. Problema held fram når barna kjem fram til sine nye heimland. Integrering til nasjonale utdanningssystem er ofte kaotisk på det beste, og ikkje-eksisterande på det verste.

FNs høykommissær for flyktningar anslår at det gjennomsnittleg er 70 elevar per lærar, for flyktningebarn. Fordrivne barn og unge er berre eitt eksempel på ei marginalisert gruppe, som ikkje får tilgong på grunnleggande menneskerettar.

Det same gjeld mange urfolk som møter nasjonale utdanningssystem med ein rasistisk og assimilerande skeivheit. Dei vert nekta utdanning på sitt eige språk og dei får ikkje bruka skule-systemet som verktøy for å løfta deira kultur og tradisjonar frå deira fellesskap – noko som skapar annanrangs innbyggarar. Dette kan leggje grunnlag for uforutsette konsekvensar. Uforlk utgjer 5% av befolkninga i verda, og utgjer 15% av dei fattigaste i verda. Utdanning for alle må vera i sentrum av utvikling.

I berekraftsmål fire, som handlar om kvalitet på utdanning, er det eit klart mål om å sikra sårbare barn tilgong til alle nivå av utdanning. Dei politiske kompassa er på plass. I tillegg til berekraftsmålet, står det også i FN-resolusjon 64/290 og FNs erklæring om urfolk sine rettar, tydeleg at utdanning er ein menneskerett. Det må bli handla deretter.

På vegne av norsk ungdom vil eg be FN og det internasjonale samfunnet om å sikra at barn og unge får den utdanninga dei har rett på.

Talen til Amalie Gunnufsen

Vår generasjon vil arva ei jord med store utfordringar, men me bryr oss også veldig om jorda me skal arva. Som den største ungdomsgenerasjonen nokonsinne, kan me vera ei kraft for endring. Ungdom i konfliktar er ofte framstilt som anten offer eller gjerningsperson. Men ungdom kan spele ei nøkkelrolle i løysinga.

Eg trur at dersom ein gir ungdom ein sjanse til å bidra, vil dei ta ansvar og bli forkjemparar for fred. I dag er det over 600 millionar unge som bur i sårbare land og land som er direkte påvirka av konflikt. I mange sårbare land, utgjer dei unge storparten av befolkinga. Me veit at ein høgare ungdomsdel, aukar risikoen for væpna konflikt. Det betyr ikkje at ungdom er problemet, men heller symptomet.

FNs sikkerhetsråd sin resolusjon 2250 og 2419 fokuserer spesifikt på ungdom i fred- og tryggleiksspørsmål. Desse resolusjonane utfordrar måten ungdom blir sett på, og løftar ungdom som positive aktørar for endring. Resolusjonane legg vekt på kor viktig det er å inkludera unge i alle delar av fredsbygging. Frå fredssamtalar til implementering på bakken.

Me ber alle medlemslanda om å implementera desse resolusjonane for å sikra berekraftig og varig fred. La oss gi unge ein sjanse til å vera endringskrafta og gjera dei endringane me vil ha og treng.

Christiana Figueres (t.v.) gir lista med klimatilråingar til Sofie Nordvik. Nordvik skal levera lista til FN på klimatoppmøtet 23.september. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Ungdomsdelegatane til LNU

  • Ein representant for barn og unge i Noreg, i offisiell norsk FN-delegasjon.
  • Jobbar for LNU og LNU sine medlem inn i delegasjonen.
  • Rahman A. Chaudry (22) og Amalie Gunnufsen (23) er årets ungdomsdelegatar.