Helsesista gjev ut bok: – Eg er spent

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk ungdom valde meg som si digitale helsesøster, og eg valde dei tilbake i alt eg
gjer, sa Tale Maria Krohn Engvik tidlegare i år i eit presseskriv frå Cappelen Damm.

Kvar einaste dag gjev heile Noregs Helsesista råd til ungdom om sex, kjensler og livet sjølv på Snapchatkontoen sin.

No skal ho bryte tabu også mellom to permar, i den komande boka Helsesista #vågåvære!.

Frå tabu til openheit

Ifølgje forlaget, Cappelen Damm, skriv Engvik om tema som barn og unge lurer på, men som det kan vere vanskeleg å snakke opent om. Ho tek fatt på alt frå sjølvmordstankar, kropp, sex og kjærleik.

– Eg er like spent som eg håpar dei som følgjer meg og heiar på arbeidet mitt er på denne boka, sa Krohn Engvik då bokplanen vart annonsert.

Boka er venta å kome ut 18. oktober i år.

Ei grensesprengjande og modig stemme

Den digitale helsesjukepleiaren har fått mykje ros og tallause prisar for å møte ungdomar på sosiale medium.

Krohn Engvik henta heim Tabuprisen 2018 å vere ein vaksen som «torer å by på seg sjølv» og gjere arbeid som er «viktig og grensesprengjande». Seinare same året vart Helsesista kåra til Årets Ladejarl av Reitangruppa fordi ho har revolusjonert sitt eige yrke «med klokskap, sterke verdiar og tidsrett teknologi».

– Kvart dikt har eit fjes. Det er til ungdommar som eg pratar med på nettet, ungdommar eg kjenner, til mine barn når dei blir litt eldre og til meg sjølv og mine vener, forklarar Trygve Skaug, som er aktuell med ungdomsdiktboka «Følg med nå». Pressefoto: Frida Helgerud