Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har tidlegare skrive om eit lovforslag i USA som tek sikte på å få folk til å bruka mindre tid på sosiale medium. Tidsgrense, slutt på autoavspeling og evig scroll er nokre av tiltaka som ligg i forslaget.

Tale Marie Krohn, også kjend som Helsesista, meiner tidsgrenser er ein dårleg idé for å få unge til å bruka sosiale medium mindre. 

– Det er eg veldig skeptisk til. Veldig mykje av det sosiale livet til unge føregår jo på desse plattformane.

LES OGSÅ: «Helsesista» får Tabuprisen 2018

Ikkje bekymra

Samstundes ser ho at det er lett å bli «fanga» i appane, som stadig gir deg nytt innhald. 

– Men eg trur veldig på å heller snakka med dei og få dei til å reflektera over korleis det er å bruka mykje tid på sosiale medium, enn å ha forbod og restriksjonar.

Ho meiner ein bør snakka om kva som er bra og kva som er dumt med sosiale medium. Dersom dei unge føler at det tek tid frå andre ting dei ynskjer å gjera, kan ein la dei sjølv koma med forslag til korleis det kan bli annleis. 

– Så lenge dei meistrar livet sitt elles, er eg ikkje så bekymra. 

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen: – Feil å forby mobilen med mindre elevane vil det

Avhengig sjølv

Sjølv vart ho kjend gjennom sosiale medium og brukar dei ulike plattformane kvar einaste dag for å formidla og kommunisera med ungdom. 

– Det er jo sånn samfunnet er akkurat no. Eg tenker jo sjølv at eg er avhengig av sosiale medium. 

Ho meiner det er lett å flykta inn i sosiale medium, særleg om ein kjenner seg einsam.

– Det gjeld både meg, dei og andre. Der kan ein sleppa å tenka og mata seg sjølv med innhald som kanskje ikkje eigentleg gir deg så mykje. 

Snapstreak skapar stress

I fjor sommar snakka ho om Snapstreak på sine kanalar og fekk mykje respons.

– Mange fortel at det kan skapa mykje stress. At dei blir redde for at vener skal bli sure om dei ikkje oppretthalder streaken, til dømes. 

Ho meiner det er viktig å gjera ungdomen medvitne på korleis appane er designa for å få folk til å bruka mest mogleg tid på plattforma. 

– Streak er til dømes ein ting som gjer at mange blir avhengige. Men unge folk er smarte og kloke, og det går veldig fint å snakka med dei om slike ting.

LES OGSÅ: – Kva så om du mistar snapstreaken og nokon synest du er nørd? 

Vekk med likes

Ein av ungdomane Framtida.no snakka med i samband med lovforslaget i USA, meinte det ville vera bra å fjerna likes. Ho får støtte frå Helsesista. 

– Eg trur ikkje det hadde vore negativt. Ein velger bevisst kven ein gir like til og ikkje, og det blir ein måte å vise tilhøyrsle på. Nokre brukar det bevisst for å halda andre utanfor, og mange slettar biletet om dei ikkje får masse likes på kort tid. Eg trur eigentleg det kunne vore fint om det vart fjerna. 

Ho legg også vekt på at det også er positive ting med sosiale medium. 

– Veldig mange har vennene sine der og snakkar med dei der. Det viktigaste er å vera litt nysgjerrige og spør korleis unge har det på sosiale medium, tilrår ho.

LES OGSÅ: Elevleiar: – Vaksne forstår ikkje den digitale verda me lever i

Leiar i Elevorganisasjonen, Alida D’Agostino understrekar at det som skjer på nett i høgste grad er ein del av livet til elevane.