– Ungdom i dag er mykje flinkare til å snakka om følelsar og våga å ha følelsar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nokre av dikta er frå ein tenåring til ein tenåring, nokre er frå ein tenåring til ein vaksen og nokre er frå ein vaksen til ein tenåring. Det er meint å vere kaotisk, fordi eg hugsar det som veldig kaotisk sjølv, forklarar Trygve Skaug på telefon til Framtida.no.

Den 34 år gamle musikaren og låtskrivaren, som dei siste åra har slått seg opp som Instagrampoet, lanserte denne våren si første poesibok, Følg med nå, spesielt for ungdom på Cappelen Damm.

Nytt opplag på veg

Første diktet i boka har han allereie sett delt i sosiale medium fleire gongar i samband med demonstrasjonar:

Jeg kniper


øynene igjen


og later som ingenting

(sa ingen


som forandret verden

noensinne)

Ein fan har allereie tatovert boktittelen på armen. Dei 3000 første eksemplara gjekk fort og andreopplaget av diktsamlinga Følg med nå er allereie sikra, men Skaug trur ikkje han har kome fram til nokon fasit på korleis snakka til ungdom. Han håpar å vere ei stemme i mylderet som seier noko som treff dagens unge med eit positivt bodskap.

Håpet er at ulike dikt skal treffe ungdommar i ulike fasar, både 14 år gamle gutar, 19 år gamle jenter og ungdommar heilt opp i slutten av tjueåra.

Instagrampoet Trygve Skaug håpar å vere ei av mange stemmer som bidreg med ein positiv bodskap til dagens unge. Pressefoto: Agri Soltanpanah

Framleis ein fasade

– Kva håpar du lesarane sit att med?

– Ei god kjensle av å vere bra nok i seg sjølv. Ei kjensle av at nokon forstår dei eller har sett dei kjenslene dei har, seier Skaug.

34-åringen opplever at sjølv om mange synest det er befriande at folk nyttar sosiale medium til å skriva eller snakka om ting slik dei er, så er me framleis oppteken av å halda fasaden.

– Samstundes som mange er leie av det glatte og oversminka perfekte, er det veldig mange som likar å framstille seg sjølv slik. Det hadde vore lettare å vere uperfekt viss absolutt alle var det.

Aller mest stas hadde han syntest det var om ein ven kan gje eit dikt til ein annan ven for å setja ord på noko.

– Eg håpar at dei sit att med ei kjensle av at framtida er lys for deg òg. Og at det er lov å kjenne på det du kjenner.

Kvart dikt har eit andlet

Følg med nå inneheld 80 nyskrivne dikt og 20 frå Skaug sine tidlegare eigenpubliserte samlingar.

Alle dikta er skrivne med ein spesiell mottakar i tankane, anten det er ungdommar han kjenner, eigne barn, kameratar frå gamledagar eller seg sjølv.

Korleis var du sjølv som tenåring?

– Det var veldig myke følelsar. Veldig mykje analyse av andre sitt inntrykk av meg. Det gjekk opp og ned. Eg var stort sett ulykkeleg forelska og mykje ute på tankevandring, seier Skaug, og legg til:

– Det var ofte eg opplevde at ting eg høyrde på eller las kunne seie noko til meg.

Les også psykologen sin analyse av låta Chandelier«Kvifor svingar Sia frå ei lysekrone?»

Sterke tilbakemeldingar på Instagram

Gjennom sosiale medier som Instagram og Facebook får Skaug ofte tilbakemeldingar frå unge lesarar som har blitt rørt av dikta hans. Det kan vere nokon som ganske enkelt seier at dei likte det dei las, men òg til dels heavy historiar om alt frå psykiske lidingar, overgrep eller vanskelege relasjonar.

Skaug tek ikkje på seg sjelesørgaransvar, men synest det kan vere fint å vere med på å vere ein vaksenperson som ser den ungdommen akkurat den kvelden.

– Dei skildrar ting ganske direkte og opent. Då er det viktig at ein vaksen ser det og er der og seier: «Eg ser deg», seier Skaug.

Er det verkeleg tøffe ting oppmodar han dei til å ta kontakt med tenester som Sidetmedord.no, Mental Helse Ungdom eller rett og slett berre snakke med ein vaksen.

Den populære poeten erfarer at terskelen på internett er veldig låg frå ein har lese noko til å skrive og spørje om det.

– Om eg har lese dikt av Aasmund Olavsson Vinje i ei bok, kan eg ikkje kontakta han og spørja kva han meinte, men på internett er det kjempelett, seier Skaug.

Her er eitt av dikta i boka, som Skaug har delt via Instagram:

Robust ungdom

Trass i at han får ein del innsikt i problema deira er ikkje trebarnsfaren uroa for dagens ungdom. Han meiner dagens unge er flinkare til å prata om ting enn det dei var då han vaks opp på bygda i Østfold – ei bygd som ifølgje Skaug har slitt med psykisk helse og sjølvmord.

– Eg har hatt mange gutevener som ikkje har prata med nokon. Eg opplever at ungdom i dag er mykje flinkare til å snakka om følelsar og våga å ha følelsar. Dei verkar òg som dei vert utsett for mykje meir følelsar, og det kan jo vere heftig midt i tenåra å kjenna på alle andre sine følelsar, seier Skaug, som konkluderar med at dagens tenåringar verkar meir robuste enn sin eigen generasjon.

Likevel trur han at dei treng å bli minna på at ein ikkje må samanlikne seg med andre heile tida, at det går greitt om du får ein trear i det faget, at du kan zoome litt ut eller ganske enkelt å følge med no.

Ingen peikefinger

Tittelen på boka er ikkje meint som ein formanande peikefinger, men ei oppmoding om å vera tilstades i livet og ikkje stresse så mykje.

For er det noko Trygve Skaug skulle ynskje han fekk høyre i tenåra, så var det mellom anna det: At du treng ikkje skrive kontrakt for dei neste 20 åra. Du kan vere tilstades og ikkje uroe deg så mykje for framtida.

– At det som du trur kjem til å velta livet ditt i dag, det kjem til å gå over. Men ikkje sagt på ein bagatelliserande måte. For det er viktig at du står i det no, understrekar Skaug.

Les også om L-innsikt, som lagar poesi om valdtekt og teikneseriar om livet:

«Sarkastisk, filosofisk, puns og ungdommer som ikke helt når toppen.» Slik skildrar Eielsen si eiga Facebook-side. Foto: L-innsikt