Eitt sjølvmord per 40. sekund – WHO krev tiltak

Nesten 800.000 personar tar sitt eige liv kvart einaste år. Det er fleire enn talet som blir drepe i krig og som følgje av kriminelle handlingar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

10. september markerer FN verdsdagen for sjølvmordsførebygging.

Sjølvmordsraten for verda som heilskap låg i 2016 på 10,5 prosent per 100.000 menneske. 2016 er det hittil siste året med tilgjengelege tal.

I ein fersk rapport fastslår FN-organisasjonen at sjølvmordsraten har gått noko ned i perioden frå 2010 til 2016, men mengda dødsfall er likevel stabilt sidan befolkninga i verda har auka.

Mange tragediar

Framleis er det fleire personar som døyr av sjølvmord enn til dømes brystkreft.

FN-organisasjonen meiner det må gjerast meir for å førebyggje tragediane.

– Trass i framgang døyr det éin person kvart 40. sekund som følgje av sjølvmord, seier WHOs generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus i ei pressemelding.

Han understrekar at kvart einaste sjølvmord er ein tragedie for familie, venner og kollegaer.

Guyana og Russland på topp

I Noreg tek mellom 500 og 600 personar sjølvmord kvart år, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet.

Talet på sjølvmord varierer sterkt frå land til land. I nokre land er raten mindre enn halvparten så stor som det globale snitta, medan i Guyana, som toppar statistikken, er det registrert 30 sjølvmord per 100.000 innbyggjarar.

På plass nummer to ligg Russland, der det er registrert 26,5 sjølvmord per 100.000 innbyggjarar.

Høgt på lista ligg òg Litauen, Lesotho, Uganda, Sri Lanka, Sør-Korea, India og Japan, og dessutan USA, der det vart registrert 13,7 sjølvmord per 100.000 personar.

I nesten alle land er det fleire menn enn kvinner som tar sitt eige liv. Berre fem land skil seg ut: Bangladesh, Kina, Lesotho, Marokko og Myanmar.

Unge menneske er spesielt utsette. Blant ungdom mellom 15 og 29 år er sjølvmord den nest viktigaste dødsårsaka etter trafikkulykker.

Auke i Amerika

Det amerikanske kontinentet er samtidig den einaste regionen der talet på sjølvmord aukar. Talet på sjølvmord har auka med 6 prosent dei siste 6 åra.

WHOs rapport vart offentleggjort måndag, i samband med at det tysdag er FNs dag for førebygging av sjølvmord.

Dagen skal mellom anna markerast med ein ny ein brosjyre mynta på filmbransjen. Han skal gi tips om korleis ein kan unngå å vise sjølvmordsscener som får menneske med psykiske problem til å ta sitt eige liv ved at dei kopierer scenene dei har sett.

Les også: Kva er den rette måten å omtale sjølvmord på?

Frå Netflix-serien «13 Reasons Why». Foto: Beth Dubber/Netflix