Kva er den rette måten å omtale sjølvmord på?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mange fniser kanskje litt når dei høyrer «I just want to die» frå høgtalaren, men kvifor ler vi? Kva er det som gjer såkalla «emo-musikk» så latterleggjort?

Emo, kort for emosjonell. Både ein livsstil og ein musikksjangar, som oppstod på 1980-talet etter punken. «Emoar» blir ofte omtala som sjølvskadarar, men ingen tar dei på alvor for det. Det er liksom teit å drive med, teit å vere. «Emo» er eit stempel ingen vil ha på seg, sjølv ikkje banda som blir lista opp som emo-band.

Alle haldningane rundt omgrepet emo viser kor store problem vi som samfunn har med temaet sjølvmord. Avisene skriv som kjent ikkje om sjølvmord, i frykt for smittefare. Det å høyre om sjølvmord, og særleg skildringar av metode og stad, vil diverre kunne føre til nye sjølvmord. Men likevel er dette eit samfunnsproblem vi må kunne snakke om. Så korleis gjer vi det?

Farleg smitteeffekt

I desse dagar har «13 Reasons Why» sesong 2 premiere på Netflix. Den første sesongen fekk ein god dose kritikk for å visualisere sjølve handlinga, for å romantisere over sjølvmord og for å la vere å vise alternativ til det å ta sitt eige liv.

Ein av kritikarane var Ida Törnqvist som i nettmagasinet Under Arbeid skreiv at sjølvmord blir til eit våpen Hannah nyttar for å hemne seg: «Og er det en ting jeg ikke vil at unge mennesker skal sitte igjen med, så er det en følelse av at selvmord er akkurat det. Effektivt, mektig og sterkt.»

Andre igjen har applaudert serien for å ta psykisk sjukdom på alvor, og til Vårt Land sa psykologspesialist Eivind Normann-Eide at serien er realistisk når det kjem til unge som tar liva sine. For hovudpersonen Hannah blir sjølvmord løysinga, og hemnen vil forandre folka som er etterlatne. Problemet er berre at sjåaren ikkje sjølv må føle at dette er ei god løysing på deiraproblem.

Dei som produserer historier om sjølvmord har derfor eit stort ansvar for korleis dei formulerer desse historiene. Ein studie har allereie sett ei mogleg auke i sjølvmordsraten etter første sesong av 13 Reasons Why.

Romantisering

Det er ikkje ofte at sjølvmord er tema i musikk eller i populærkulturelle filmar og seriar. Frykta for å bidra til smitteeffekt er ein ting, frykt for latterleggjering ein annan.

Likevel romantiserer vi over sjølvmord, for eksempel gjennom forestillingar som «plaga, men vakker.» Ei slik forestilling utspillar seg i den urbane myten om Hollywood-skodespelar Lupe Velez (1908-1944). Velez kom frå Mexico til USA på den tida stumfilmen framleis råda filmlerretet.

Lupe Velez. Foto: Wikimedia Commons

Den urbane myten, først etablert av forfattaren Kenneth Anger i 1959, vil ha det til at skodespelaren skulle iscenesetje eit «vakkert sjølvmord». Velez var nemleg blitt gravid med ein mann som ikkje ønskte å ha noko med barnet eller henne å gjere. Iført ein vakker kjole, lagt i ein seng av silke, skulle Velez ta overdose på sovepiller og dø ein såkalla «vakker død».

Men på grunn av eit sterkt måltid same dag vart ho kvalm. Så Velez måtte springe til toalettet for å spy, då ho snubla i dørkanten, landa i do og drukna. Historia har overtydd folk gjennom fleire tiår, sjølv om myten på ingen måte stemmer på røynda.

Plaga, men vakker

Historia er eit døme på korleis vi ler av og trivialiserer sjølvmord. Den falske historia om Velez har blitt gjenfortald i TV-show som Frasier og The Simpsons.

Historiene om sjølvmord, både dei sanne og dei oppdikta, må formulerast varsamt. Ein måte å gjere det på, er å vise at det finst alternativ til sjølvmord.

I motsetning til Werther-effekten(ei bølge av menn i Europa tok liva sine i 1770-åra etter å ha lese om karakteren Werther sine sorger), kan Papageno-effekten faktisk redusere tal sjølvmord.

Papageno, ein karakter i Mozarts Tryllefløyten, er ulykkeleg og planlegg å ta sitt eige liv. Men så møter han tre gutar som får ham på andre tankar. Studium viser at dersom media skriv om personar som har kjempa seg ut av tankane, vil det få ein tilsvarande smitteeffekt.

LES OGSÅ: På verdstoppet i sjølvmord

1-800-273-8255

Den amerikanske rapparen Logic gjorde det rett. Låten 1-800-273-8255 handlar om ein einsam gut som vil dø, men som endrar meining fordi nokon viser at dei bryr seg. Tittelen på låten er telefonnummeret til National Suicide Prevention Lifeline. Etter at songen kom ut førre vår, fekk dei 27 prosent fleire telefonar, og 100.000 fleire besøkande på nettstaden.

Logic. Foto: Nick Mahar/ Wikimedia Commons

Dette viser eit stort førebyggingspotensiale. Vi må snakke meir om sjølvmord, men ikkje om kor tragisk, mørkt eller «vakkert» det er, men om korleis folk konkret kan søkje hjelp.

Fordi dei som er i faresonen ofte identifiserer seg med den suicidale karakteren på skjermen, er det viktig at sjølvmord ikkje er framstilt som den rette løysinga. Det er kanskje overstyrande og sensurerande, men det kan faktisk redde liv.

I ei tid der alle er sine eigne medium, må vi passe på at sjølvmord held fram med å bli omtala varsamt, men likevel ikkje handsama som eit tabu. Då kan historier om håp og meistring vere som ein reddande engel.

LES OGSÅ: Livet er verdt å leva! Det kan me godt snakka om!

Treng du hjelp?

Hjelpetelefonen til Mental Helse
telefon 116 123

Kirkens SOS
telefon 22 40 00 40

Liste over andre naudtelefonar finn du her.