Senterungdommen: – Djupt sjokkert!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er djupt sjokkerte over kva NRK har fått seg til å gjera, seier Senterungdommen-leiaren til Framtida.no.

Onsdag blei det kjent at NRK-programmet Folkeopplysningen har brukt falske nyhende og falske profilar gjennom eit halvt for å prøva å manipulera elevane til å stemma på Senterpartiet.

– Dagen i dag byrja som ein fin dag med valkamp-dugnad for demokratiet, og så får me denne meldinga om kva NRK har gjort med skulevalet, seier Arnstad.

Ho meiner dette er nok eit døme på korleis ungdom blir nedvurdert.

Programleiar Andreas Wahl overraska elevane på Lillestrøm videregående skole onsdag morgon med å fortelja at dei har blitt forsøkt manipulert. Foto: youtube

Fleire hundre elevar med stemmerett

Av dei nær 1000 elevane ved Lillestrøm vidaregåande skule er det kring 300 førstegongsveljarar som har hatt høve til å førehandsrøysta frå 12. august. I tillegg kjem dei kring 300 elevane som var russ i vår, som òg blei manipulerte av falske nyhende og falske profilar frå NRK-programmet.

– Det er heilt uakseptabelt det NRK har gjort! understrekar Ada Johanna Arnstad.

Fordømmer manipulasjonen

– Korleis vil Senterungdommen gå vidare med saka? Vil de klaga saka inn for Kringkastingsrådet eller reagera på annan måte?

– No vil me først og fremst ta vare på fylkeslaget vårt i Akershus. Dei har fått ei svært dårleg behandling. I tillegg reknar eg med at alle ungdomspartia vil laga ei felles erklæring der me fordømmer handlingane til NRK. Eg er også glad for at representantar frå regjeringa allereie har gått ut og fordømmer manipuleringa av skulevalet.

Kommunal- og valminister Monica Mæland gjekk tidlegare i dag ut og ba NRK-redaktøren rydda opp.

– Det er uakseptabelt og ikkje til å tru, seier ho til VG Nett.

Kva synest du om at NRK prøvde å manipulera skulevalet på Lillestrøm vgs?

Kva synest du om at NRK prøvde å manipulera skulevalet på Lillestrøm vgs?

Heilt feil!121
Bra læring!236
På grensa92
Svar totalt: 449

LES OGSÅ: Sju kjappe triks for å avsløra «fake news»

Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, kallar det heile «flautt» for NRK:

Også tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen reagerer: