Aarebrot om eldre veljarar: – Ekle, egoistiske bandittar

Professor Frank Aarebrot oppmodar media til å byrja å avsløra egoismen til eldre.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om eldre veljarar: - Ekle, egoistiske bandittar

– Avslør dessertgenerasjonen. La min generasjon få gjennomgå, i staden for å vera så opptatt av at ungdom er eit problem. Ungdom er jo nøyaktig like problematiske eller uproblematiske som dei alltid har vore. Det er me som har forandra oss til å bli nokon ekle, egoistiske bandittar, seier professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot i eit nytt videointervju med Landslaget for lokalaviser.

Eldre har blitt meir egoistiske
Sidan tidleg på 70-talet har valforskaren ved Universitetet i Bergen spurt veljarane om kva tre saker som er avgjerande for partivalet deira.

– Ungdom svarar gjerne to saker som har med ungdom å gjera. Skulepolitikk eller skjenkerett, eller kva det måtte vera. Men tredje saka er alltid eldreomsorg, seier Aarebrot og held fram med eit smil:

– Men derimot viss du spør dei gamle, så svarar dei berre saker som har noko med dei gamle å gjera. Dei nemner ikkje ungdomssaker. Og det som er morosamt, er at over dei 40 åra eg har stilt desse spørsmåla – så er det dei gamle som har endra seg. For tidleg på 70-talet, så svara dei eldre også éi ungdomssak blant dei tre sakene som var viktig for dei. Så bestefar brydde seg om barnebarna og barnebarna brydde seg om bestefar. Men no er det berre barnebarna som bryr seg om bestefar, mens bestefar er slutta å bry seg med barnebarna.

– Det som er skjedd er altså at ungdom er like solidariske med andre generasjonar som dei alltid har vore, medan gamle har blitt meir egoistiske. Så den gruppa av menneske som har endra seg mest er pensjonistane.

LES OGSÅ: Ein av tre slit økonomisk

– Har ikkje bygd landet meir enn andre
Frank Aarebrot svarar dette på spørsmål frå Framtida.no om kva denne egoismen kjem av:

– Medgang er rota til alt vondt. Dagens eldre har levd det beste livet som nokon gong er levd i Noreg. Eg er rimeleg sjokkert over dei eldre sine haldningar.

– Desse pensjonistane som no går rundt og masar om at dei har bygd landet, det er jo solskinsbarna som kom inn i høgkonjunkturen etter krigen og aldri har hatt problem med arbeidsløyse.

– Dagens ungdom har mykje større problem både med å koma inn på bustadmarknaden og i arbeidslivet enn det pensjonistane i dag nokon gong har hatt. Den verkelege dessertgenerasjonen i Noreg er jo dei som kom inn i yrkeslivet i 1946 og 1947. Det at dei kallar seg slitets generasjon er ei fornærming mot dei som gjekk i arbeidslivet under dei harde tredveåra. Men dei var solidariske. Mens dagens spaniabrune pensjonistar med andletsløfting dei kan du ha for meg, altså.

– Dei har slett ikkje bygd landet meir enn andre, legg han til.

Opprørt over barnebillett
Frank Aarebrot synst det er litt opprørande at eldre skal sleppa unna med halv pris på kollektivtransport, medan 20-åringar må betala vaksenbillett. Han meiner eldre flest skyv minstepensjonistane framfor seg.

– Det er ikkje måte på så ille dei har det. Eldre set syterekord i Noreg, seier han.

For å overføra fleire verdiar til dei yngre, meiner professoren at det burde bli halv arveavgift for barnebarn, medan barn må betala full arveavgift. Viss det blir noko arv igjen, då:

– No tek jo eldre opp lån for å bruka opp arva før dei døyr, kommenterer han syrleg.

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha høge skattar

Endrar politikken
– Korleis vil denne egoismen til dei eldre gje seg utslag i partival? Dei fleste partia vil påstå at dei har ein nokonlunde heilskapleg politikk for alle generasjonane?

– Dei siste åra har det jo vore eit enormt fokus på eldreomsorga og saker som er viktige for eldre. Dette er jo fordi dei eldre er så viktige for alle partia, svarar Aarebrot, og seier det skjer enorme overføringar av verdiar frå dagens unge til dei eldre, etter det han kallar eit omvendt Robin Hood-prinsipp.

Ifølgje den siste generasjonsrekneskapen til Finansdepartementet viser at regjeringa har dobla gjelda til framtidige generasjonar på dei siste fem åra.

Eldrebølgja er ei viktig grunngjeving for Aarebrot når han ønskjer å senka stemmerettsalderen i Noreg. For å prøva å motverka at eldre får endå meir makt.

– Kva bør dei unge veljarane gjera, då?

– Det ser jo ikkje ut til at dei gjer noko med det. Dei er like opptatt av eldreomsorga som dei alltid har vore. Men kanskje dei kunne vore tente med å tenkja annleis. Det kunne blitt ganske tøft for dei eldre.

Kva saker meiner du valkampen bør handla om?

Faktaboks

Sjå videoen der Frank Aarebrot kjem med råd om korleis avisene bør bli betre til å dekkja valkampen!

Del 1 valstoff om og for unge velgere from Helen Frøyseth on Vimeo, frå Idebanken til LLA.