Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 07.12.2018 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvifor kom du med boka no?

– Det er fordi eg var ferdig no. Eg hadde gått og sikla på å få ho til, så eg måtte researche vikingmedisin og vikingkirurgi.

Det måtte han, for det såg mildt sagt mørkt ut for Olav Sleggja etter første boka. Men med Berserk så er det klart at han greidde seg.

– Eg hadde lyst til å halda han i live, og eg hadde lyst til at det skulle hengja på greip medisinsk. Så kan ein jo diskutere kor mykje blod eit menneske toler å miste, men bortsett frå blodtapet … han har jo også griseflaks. Av alle dei dumme metodane folk brukte på den tida, så snublar han over dei som faktisk fungerte. Boka har både ordliste og referanseverket bakarst, men dei er berre toppen av research-isfjellet.

Intervjuet held fram under bildet.

Frå opninga av boka.

Sanning, bløff og heftig research

Frå boka

– Kva er det som har gjort deg så interessert i vikingsogene?

– Det er far min. Han har hovudfagsoppgåve om framstillinga av aldring i sagalitteraturen, spesielt korleis folk lo av Egil Skallagrimsson då han vart gammal og blind. Vi har alle sagaene heime i Ulsteinvik. Og på andre sida av øya skal slaget ved Hjørungavåg ha stått … det er vi stolte av lokalt, bortsett frå at det ikkje heitte Hjørungavåg der før 1897, då … Gjennom det har eg vakse opp med å vita om historiene, og det med vera skeptisk til og digga research-aspektet – kva er sant, kva er bløff, kva må du bløffa på for å få fortalt historia – kvifor skal du bløffa, og kva tid må du berre måka på med fakta for å skapa sånn enorm følelse av sanning – og kva tid skal du berre innrømma ope at no lyg du, for å også skapa ein følelse av sanning.

– For det er klart: eg finn jo på alt saman, men eg bygger mykje på det som kunne skjedd i ein saga. Ideen min med Sleggja er å laga ei historie som ein viking kunne fortalt ein annan viking. Og det stemmer jo. Dei som likar han er ofte digre og skjeggete og veldig blide.

Ideen min med Sleggja er å laga ei historie som ein viking kunne fortalt ein annan viking.

 – Eg var redd eg hadde gått for langt

– Kor viktig for deg er det at boka ligg tett opp til det verkelege?

– Det er viktig å liggja så tett opp til som ein kan. Eg har ting eg vil med historia. Men så kan researchen av og til gi meg noko som er endå villare og kulare. Om eg då kan få lesaren til å forstå at dette er heilt innafor, dette kunne dei gjort på ekte, så blir både eg og lesaren ekstra glad.

– Kva aldersgrense tenkjer at bøkene dine hadde hatt, dersom dei hadde vore filmatisert?

– Eg tenkte at Berserk var vaksen, frå 15 eller kanskje 18 år. Men eg har høyrt frå ein 10-åring at han likte Olav Sleggja veldig godt. Den generasjonen som veks opp no: me kan ikkje seia at 10-åringane ikkje taklar litt gugg. Dei diggar Deadpool og då kan dei like godt lese litt nynorsk, ekstremt researcha teikneserieroman.

Frå boka.

– Eg hadde ein draum at eg fekk slakt i lokalavisa, «så valdeleg!». Eg var redd eg hadde gått for langt. Men det ser jo ut som om at folk ikkje blir plaga med det. At alt det andre gøye som skjer mellom brutaliteten held folk interesserte. Men klart: Å skildre trua på Odin er å skildre ein tidvis grusom religion. Du har blotinga i Uppsala, som Adam av Bremen skriv om. Kvart niande år skulle det blotast ni av kvart slag.

– Ni av kvar?

– Ja, ni av kvart hankjønn. Ni kaniner, ni elgar, ni hestar, ni hanar, ni gutar eller menn. Blodet skulle smørast på Odin-skulpturen, og elles danderast litt her og der. «Soga om Olav Sleggja» var ganske streng mot kristendommen, hovudskurken der, Olav Tryggvason, var fanatisk kristen og utviste «en torturfaglig kreativitet som savner sidestykke i sagaen», ifølge Sigurður Norðal. Men no har eg gjort dét. Vikingfans har ein tendens til å romantisere åsatrua. Så i «Berserk» tenkte eg å vise korleis det ser ut når folk trur, faktisk trur, på Odin. Med andre ord ikkje så pent det heller.

Vikingfans har ein tendens til å romantisere åsatrua

Skadeøyane

– Boka går føre seg etter slaget ved Svolder. Adam av Bremen set slaget til nær Skåne i Sverige, så Sleggja flyt i land på Skåne. Skåne heiter på latin Scania, som kjem frå det norrøne ordet Skaðinn. «Skade». Skandinavia kjem frå Skaðinn-aujo … Skadeøyane. Det er jo heilt vilt. Skandinavia betyr altså «farleg dritplass, hald deg unna!» Når eg så fyller Skåne med berserk-krigarar, er det dels fordi det var masse vikingtrafikk forbi der, mykje arbeid å få, og dels fordi Sverige i sagalitteraturen er heim til mange kjende berserkar uansett.

– Går det an å kalla boka ein splatter?

– Njæ. Gjer du ikkje 1000tals-saga sånn, så er historia di for LITE valdeleg. Då er du saga-fagleg ukorrekt. Har du lese Rolandskvadet? Det er frå kring 1150, og skildrar på rim korleis franskmennene kjempa mot heidningar. Alle sverdhogg i det kvadet kløyvar som regel både rustning, person og hest på ein gong. Den nynorske gjendiktinga er heilt spektakulær, Johannes Dale har fått til alt på vokalrim, og unnskyldar seg i forordet med at han fall for freistinga til å gjere rima betre enn originalen:

med drege sverd mot heidningen han rid,
han krasar skjolden, brynja sunder-riv,
og renner sputet i hans bringe inn.

(Den vakne lesar vil merke at youtube-videoen har enderim. Det er av di den er eldre enn teksten til Dale, den er ei folkevise. Dale si gjendikting har vokalrim, som er meir likt originalen. Vokalrim er og populært hos rapparar som Eminem, då det er meir komplekst å få til, og ein kan rime heile linjer på kvarandre.)

– Formen til sagaene er meir korthogde. Er du med på at bøkene dine gjennom teikningane er meir grafiske i framstillinga?

– Hmm. Ramnkjell Frøysgòde blei hengt opp som eit fenalår etter akillessenane sine. Ein annan fekk ei gryte glødande kol på magen, så magehuda sprakk. For meg som ser for meg alt dette for mitt indre blikk … å teikne ting ut er nesten å gjere ting MINDRE grufullt, for min del. Då er det i det minste litt lekkert. Men kanskje eg berre påfører andre min fæle måte å oppleve verda på!

Eit godt drap

Du har ei ordliste i kvar bok. I første bok viser ordlista di at vikingane hadde mange ulike ord for respekt. I denne skriv du at dei hadde mange ulike ord for drap?

– Ja. Mord er eit drap der ein ikkje drep nokon på rett måte, som nattedrap, at du drep nokon som søv. Men så har du det positive ordet for drap, eit vig. Det vert jo framleis dårleg stemning, slekta hans vil sikkert ha hemn, men du er i alle fall ein heiderleg drapsmann.

– Er dette ein kan finna igjen andre stader i dag, tenkjer du?

– Sikkert. Vikingane hadde jo mykje felles med gjengar av diverse slag i dag. Men eg likar at vikingane gjorde eit forsøk på å få på plass lover. Lovene var litt halvvegs, men dei prøvde.

– Kva kan me læra av vikingane?

– Ein kan sjå spirene til demokratiet, og kor drastisk mentalitet kan endre seg. Eg trur det er Norðal som seier at den mentale overgangen frå 800 til 1200 er større enn overgangen frå 1200 til i dag. Vikingreligionen var fleksibel også, dei var multikulturelle når det passa dei.

Frå boka «Berserk».

– Vikingane reiste langt. Er det underkommunisert at det òg kan ha gått andre vegen?

– Marianne Vedeler har jo gode argument for at silken vi fann på Osebergskipet slett ikkje var rana i England, men kjøpt på ærleg vis frå Persia. Og Islands rikaste mann, Geirmund Heljarskinn, hadde mongolsk mor. Då er det ikkje særleg ulogisk at Sleggja sin far kan vere ein træl frå Persia.

– Og persarane var vitskapleg langt framme, noko som gir Sleggja ein annan måte å tenkje på enn vikingane rundt han igjen. Sleggja er jo ein ingeniørtype. Litt som Bruce Banner og Hulk er same person, så er Sleggja den grublande berserken.

Om du ikkje har sett traileren på Olav Sleggja enno, sjå under!