Derfor er avslutninga på Game of Thrones den verda treng no


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne saka inneheld plottblottarar! Ikkje les vidare før du har sett siste episode!

Ved sida av å vera den dyraste tv-serien nokon gong, så er det ein annan ting som har fascinert med tv-serien Game of Thrones: Alt kan skje!

Både heltar, drakar og skurkar har døydd, og karakterane har endra karakter. Det er karakterane og historiane deira som har drive Game of Thrones framover. Me har sett utviklinga dei har gått gjennom.

Er du ein ekte GoT-fan? Test kunnskapane dine i vår store Game of Thrones-quiz!

Peter Dinklage i rolla som Tyrion Lannister, ein karakter som har gått frå å vera reinspikka hedonist til ein klok mann. Foto: HBO

Tyrion Lannister er eit døme på ein slik karakter, som har gått frå å vera ein kynisk livsnytar utan skruplar til å visa både sentimentalitet og moral i løpet av dei ulike sesongane.

Ein av dei store heltane gjennom serien er Daenerys Targaryen, drakemora som bryt lenkjer og slepp slavar fri. Ho har vore ein fridomskjempar som med god hjelp av drakane sine har klart å vinna over alle dei vonde kreftene. Tv-sjåarane har heia på ho då ho har tatt brutale oppgjer med slavedrivarar og tyrannar. Men det har ikkje vore så lett for mange å takla endringa ho sjølv har gått gjennom i den siste sesongen, med øydelegginga av King’s Landing som eit lågpunkt.

Les også: Kvinnene har størst sjanse til å overleva Game of Thrones

Godheitstyrann?

Så langt er det samla inn kring 1,4 millionar underskrifter for å laga ein ny sesong med kompetente manusforfattarar. Og den siste episoden har fått rekordlåg sjåarkarakter på IMDB.

Det er mogleg mange håpte på at Westeros skulle bli eit godheitstyranni med Daenerys Targaryen som den rettmessige forsvararen av alt det gode.

I siste episoden forsvarar Daenerys Targaryen handlingane sine overfor Jon Snow. Når han klagar over at barn blei brent levande, så svarar ho at Cercei brukte uskulda til desse barna mot henne. Ho kunne ikkje la det hindra henne. Dette minner om krigar i vår tid der sivile er brukt som levande skjold, og der ein vurderer «collateral damage».

Det er mogleg å trekkja linjer frå øydelegginga av King’s Landing til forkjøpskrigane til USA og atombombinga av Japan på slutten av andre verdskrigen. Å forsvara vonde handlingar med gode intensjonar er sjeldan ein god veg.

LES OGSÅ INNLEGGET: Winter is (not) coming – derfor er Greta Thunberg vår Jon Snow

Kit Harrington i rolla som Jon Snow tvilar til slutt på dronninga si. Foto: HBO

Makt korrumperer

I den siste samtalen mellom Tyrion Lannister og Daenerys Targaryen, skuldar drakemora Tyrion for forræderi ved at han sleppte fri bror si. Svaret hans seier alt:

– Eg sleppte fri bror min. Du slakta ein heil by.

Røde Kors i Australia har telt opp alle brot på internasjonal humanitær lov i Game of Thrones-episodane. Etter den siste av totalt 73 episodar er det Daenerys Targaryen som har klart flest krigsbrotsverk på samvitet.

Makt korrumperer; absolutt makt korrumperer absolutt, sa statsmannen Lord Acton på 1800-talet.

QUIZ: Kan du nok høgvalyrisk til å sitje på jerntrona?

Polarisering

I ein samtale med Jon Snow litt seinare held Tyrion fram:

– Ho blir mektigare og sikrare på at ho handlar rett. Ho trur verkeleg at ho vil gjere verda til ein betre stad. Om du trudde det, ville ikkje du òg drepa alle som kom i din veg?

I den verkelege verda vår blir politikken meir og meir polarisert. Det ser me heime i Noreg, men endå meir i nabolanda våre, i det komande EU-valet og i amerikansk politikk. Mange er så overtydde over at dei sjølve har rett at dei ikkje vil høyra kva motstandarane seier. Dei radikale løysingane vinn fram.

Avslutninga til Game of Thrones var kanskje ikkje perfekt. Men det perfekte er sjeldan det beste. Den siste episoden minner oss om at ein gjennom kompromiss og pragmatisme kan skapa fred.

Og til slutt er det historiane som sameiner oss. «Ingenting er mektigare enn ei god historie», som Tyrion Lannister seier på slutten.

LES OGSÅ: Game of Thrones-skodespelar hyllar Greta Thunberg

Britiske Bella Ramsey (16) som har vorte verdskjent for si tolking av rollefiguren Lyanna Mormont i «Game of Thrones» støttar Greta Thunberg sin skulestreik for klimaet. Foto: HBO