Distrikta heng etter i utbygginga av fiberbreiband

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi fryktar eit digitalt klasseskilje mellom by og land i Noreg, seier Trond Skjellerud, administrerande direktør i Eidsiva breiband til Dagens Næringsliv.

Han etterlyser ein nasjonal dugnad for å sikre at dei siste ti prosentane av befolkninga her i landet får tilgang til fibernett. Det svarar til rundt ein halv million nordmenn, stort sett busette i distrikta.

Medan EU har sett eit mål om 100 prosent dekning av fibernett innan 2025, er målet til regjeringa 90 prosent i Noreg innan 2020.

Eidsiva breiband er eigd av ni energiselskap, som igjen er eigd av fylkeskommunane Hedmark og Oppland og 44 kommunar. Eidsiva er stor på breiband i innlandet, ein region med spreidd busetjing.

I fylke med spreidd befolkning som Hedmark, Oppland Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane har berre litt over halvparten av befolkninga tilbod om fiberbreiband. I dei tettast busette fylka, Akershus og Oslo, har 90 prosent eit slikt tilbod.

Tredelt dugnad
Skjellerud tar derfor til orde for ein fiberdugnad med tre deltakarar: Breibandutbyggjarane, som Eidsiva og andre regionale aktørar. Staten, som må kome med meir pengar. Bygdefolket, som gjennom eigeninnsats får ned prisen.

Han påpeiker at utbyggjarar som Eidsiva ikkje kan byggje ut utan at det er økonomisk berekraftig, eller i det minste at dei ikkje taper pengar på det.

I dag er det stort sett overlate til marknaden å byggje ut breiband. Eidsiva-direktøren etterlyser at breiband vert definert som kritisk infrastruktur, på linje med veg, straum, vatn og avløp.

– Det er dobbelt så dyrt å byggje ut på bygda som i byar. Derfor vil vi ha ein breibandmilliard i året for å få sving på utbygginga, seier Skjellerud.

Han seier denne eine offentlege milliarden raskt vil mangedoblast i form av bidrag frå breibandselskapa og privat dugnad.

LES OGSÅ: Slik skal dei unge lokkast heim