Desse elektro-elevane fekk prøva seg på fiberkabel-skøyting

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Fredag var elevane som går VG1 på elektrolinja ved Kvinnherad vidaregåande skule (KVV) på besøk hos Kvinnherad Breiband og Kvinnherad Energi i Dimmelsvik. Der fekk dei først omvising i det «heilage» rommet i bygget, datasenteret, av Stian Hansen Bøe som jobbar på teknisk hos Kvinnherad Breiband, før dei fekk vera med «veteran» Gunnar Vaage og lærling Eivind Tofte som lærte dei å skøyta fiberkablar. Det er dette faget Tofte skal ta fagbrev i.

Dagleg leiar i Kvinnherad Breiband, Gunnhild Nilsen Hillestad, var også til stades.

– Det er god læring for meg òg dette, smilte ho.

For å skøyta to fiberkablar saman må ein ha tunga rett i munnen. Lærling hos Kvinnherad Breiband, Eivind Tofte, følgjer nøye med når elektroelev Gaute Thorkildsen puttar kablane i skøytemaskina. Foto: Mona Grønningen

For å skøyta to fiberkablar saman må ein ha tunga rett i munnen. Lærling hos Kvinnherad Breiband, Eivind Tofte, følgjer nøye med når elektroelev Gaute Thorkildsen puttar kablane i skøytemaskina. Foto: Mona Grønningen

Putlearbeid

Elevane fekk testa å skøyta saman dei syltynne glasfiberkablane i ein såkalla «skøytemaskin». Det er desse maskinane fibermontørane brukar i felten. Det er viktig at fiberkablane er heilt reine, utan støv og feitt på, og elevane fekk fleire gonger erfara at den digitale maskina gav fleire feilmeldingar om at skøyten ikkje var god nok.

– Kor mykje gjer du dette i kvardagen din som lærling? spurde elev Eirik Kjerpeseth lærling Eivind Tofte om.

– Det blir ein god del skøyting, svarte Tofte.

– Og kor seint jobbar vi no i forhold til deg? flirte elev Tobias Ripel.

– Eg lagar vel tre kablar på den tida de lagar éin. Men eg har jo litt meir øving enn dykk, så de ville fått mykje betre teken på det etter kvart, smilte Tofte.

Elevane syntest det var kjekt å jobba med skøyting av fiberkablar, men innrømte at det var litt putlearbeid.

– Slike bedriftsbesøk er viktige for at elevane skal få eit innblikk i korleis folk jobbar i ulike yrke innanfor elektro. Det er veldig lærerikt, og også eit godt høve til å knyta kontakt og byggja eit nettverk til seinare når dei skal søkja lærlingplass og jobb, sa lærar Bjørn Huse.

Elektroelevane flokka seg rundt fibermontør Gunnar Vaage då han skulle testa om dei to gruppene hadde skøyta kablane rett.

Elektroelevane flokka seg rundt fibermontør Gunnar Vaage då han skulle testa om dei to gruppene hadde skøyta kablane rett. Foto: Mona Grønningen

Første lærlingen

Då Eivind Tofte gjekk på VG2 på elektrolinja, søkte han om å få vera utplasseringselev hos Kvinnherad Breiband to gonger, både i fjor haust og i vår. Det gav meirsmak, og no er han bedrifta sin første lærling.

– Eg synest det er veldig kjekt, både jobben og arbeidsmiljøet. Det er også kjekt å få vera med på dette; å kursa andre ungdommar, smilte Tofte.

Gunnhild Nilsen Hillestad sa KVV-besøket også er viktig for Kvinnherad Breiband si rekruttering:

– Det er vinn-vinn både for skulen og oss. Nett no har vi tre fibermontørar, og det er jo eit spesielt yrke. No får elevane eit innblikk i måten dei jobbar på, og kanskje gir det meirsmak for nokon av dei slik at dei vil velja denne jobben seinare. Jobben som fibermontør byr på stor variasjon mellom fysisk- og finmotorisk arbeid, og er eit ypparleg yrke for folk som likar å vera både ute og inne, jobba prosjekt, samt likar å treffa folk personleg.

Les meir på Kvinnheringen.no