Ni av ti er på internett kvar dag

Nordmenn i alle aldrar er for skjermtroll å rekne, og bruken aukar enno. To av tre i alderen 16 til 79 år brukar sosiale medium kvar dag eller nesten kvar dag.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at stort sett alle som kan krype og gå i Noreg, 96 prosent, har brukt internett dei siste tre månadane. Bruken aukar for alle aldersgrupper.

Delen internettbrukarar minkar litt med alderen, men er likevel temmeleg høg: 69 prosent mellom 65 og 74 år og 43 prosent mellom 75 og 79 år surfar på nettet minst éin gong om dagen.

Det er nettbank og e-post som er hovudgjeremåla, 91 prosent har brukt internett til dette dei siste tre månadane, mens 89 prosent les nettaviser.

Bruken av sosiale medium aukar kraftig. I 2017 har 80 prosent mellom 16 og 79 år brukt sosiale medium dei siste tre månadane, mot 74 prosent i 2016 og 71 prosent i 2015. Delen som brukar slike medium kvar dag, har auka frå 54 til 65 prosent på eitt år. Auken kjem truleg av at stadig fleire eldre heng seg på og nyttar sosiale medium.