Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.09.2019 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøvenleg å ha det grønt heime? Ikkje alltid

– Hovuddødsårsaka til plantar er overvatning – eller for mykje kjærleik, forklarar Marte Espevik.

Ein av grunnane til at ho først byrja å interessere seg for plantehald for ein del år tilbake, var at ho hadde sett seg lei på å kjøpa ein kul plante til 250 kroner, for så å sjå han dø sakte heime fordi ho ikkje visste kva som skulle til for at han skulle overleva.

No er 32-åringen «planteentusiast» og ein av hjernane bak det skandinaviske plantemagasinet GRO, der ein kan finne portrett av både plantar og eigarane deira.

Å gro i norske stover

Til vanleg jobbar dei i designbyrået Minsk og er ikkje faglærte innan gartnerfaget, men dei har etter kvart blitt ei ekspertkjelde som folk vender seg til når plantane lir.

Denne seinsommaren gjev dei også ut Gro – en håndbok om grønne inneplanter, som vart selt til Danmark lenge før lanseringa 28. august. Boka er skrive saman med tredje planteentusiast på laget, Kathrine Winther Løkke og faktasjekka av ein fagperson.

Sjølv har dei henta kunnskap frå internett og gamle plantebøker funne på loppemarknad. Dei har ikkje klart å finne nokre norske bøker om potteplanter som er nyare enn 90-talet.

Mange av dei nyare bøkene er utanlandske, og det er ofte plantane som kjem inn i norske heimar òg. For å vete kva som skal til for at plantane trivast kan det difor vere nyttig med litt slektsforsking og forståing for kor dei faktisk kjem frå.

– Alle plantane me tek inn i eit kontrollert hus er i utgangspunktet ikkje laga for å vekse i ei stove. Og spesielt ikkje ei norsk stove med skandinaviske lysforhold. Då er det mykje færre plantar som trivst kor som helst heime enn det ein skulle tru, forklarar 32-åringen.

Marte Espevik med ein pilea peperomioides, som på folkemunne vert kalla kinesisk pengeplante, eller misjonærplante. Den er lett å halde liv i og er difor ein god nybyrjarplante.

Ei veksande interesse

For dei designarane bak magasinet og boka starta planteentusiasmen med ei interesse for det estetiske og eit ynskje om å få det grønare heime.

Etterkvart som engasjementet og kunnskapen har grodd handlar det vel så mykje om å halda plantar i live, finne nye plantar og dele plantar med venene sine, som det estetiske.

– På tidleg 2000-talet var det ikkje in med plantar. Då skulle du kanskje ha ein orkidé i vindauga, men no byrjar folk å innreia så godt dei kan i krokane sine, meiner Jenny Solem Vikra.

Dei synest å sjå at planter er gått frå å vere ein husmoreigenskap øyremerkt damene, via dei urbane hipsterane til å no vera mainstream.

Ei grøn næring?

Sjølv om jentene er entusiastiske til planteveksten i norske heimar, er det ei side av næringa dei er skeptiske til. Espevik peikar på at planteindustrien er stor og kanskje ikkje så berekraftig som mange først tenkjer.

– Ein tenkjer at det er så miljøvenleg å ha det grønt heime, men det er ikkje nødvendigvis det, seier Espevik.

Ho peikar på paradokset i alle trailerane som køyrer lass på lass med plantar frå Nederland, fordi me ikkje vedlikehalder plantene våre.

I tillegg til at planter er storindustri i Nederland, vert det òg brukt mykje torv og kolelektrisitet i produksjonen, noko som fører til C02-utslepp.

– Då bør du ha eit perspektiv på den planta. Det er litt dårleg gjort å kjøpa ein kjempestor plante og så berre drite i det, seier Solem Vikra.

Du kan få tak i norske potteplantar óg, men det er ofte tradisjonelle ting som julestjerner og stemorsblomster. Det som er vanskelegare å få lokalt er dei heilgrøne plantene som prydar mange interiørmagasin.

Jenny Solem Vikra og Marte Espevik set pris på skjermfri for å jobba med plantehobbyen.

Koplinga til naturen

Solem Vikra trur mykje av planteinteressa blant dagens unge handlar om ein lengsel etter naturen.

– Dette er ein måte for oss å kopla oss tilbake på naturen på. Det er kanskje litt motkultur til teknologi. Ein sit alltid framfor ein skjerm, men med planter får ein ein relasjon med noko som veks og som ein må ta vare på, seier 32-åringen som er flytta til hovudstaden frå Karmøy.

Når dei arrangerer Avleggs, ei samling der folk kjem og deler avleggjarar og stiklingar, ser dei ei klar overvekt av kvinner i midten av 20-åra og opp, men at det òg kjem stadig fleire menn.

– Viss du jobbar innafor eitt eller anna kreativt yrke synest mange at det òg er veldig gøy med planter, trur Espevik, som sjølv synest det er deilig å kunne setje av litt tid til å jobbe med plantane fordi det kjennest handfast.

Hugs vatn!

Ifølgje Solem Vikra er det ikkje mykje kunnskap og research som skal til for å oppleve ei grøn meistringskjensle. Så kor stoppar det for alle dei som dreper mange plantar årleg på grunn av dårleg stell?

– Du må faktisk berre vatne dei ein gong i veka. Det er dritlett. For mange stoppar det berre fordi dei ikkje har ei rutine, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Grøn stemning på hybelen

Jenny Solem Vikra held ein stikling av ein philodendron piccolo. Å dela stiklingar og avleggjarar er ein fin måte å gjera hobbyen kortreist og billig på.