Kneecap og norske Smerz blant musikarane som vil trekkja musikken sin frå Israel

Over 400 musikarar og plateselskap har signert "No Music For Genocide" og vil blokkera musikken sin frå å bli spelt i Israel. Fleire internasjonale stjerner og norske artistar har skrive under.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Det internasjonale initiativet No Music For Genocide har fått med seg meir enn 400 artistar og plateselskap på ein kulturell boikott, for å hindra at musikken deira blir strøymd i Israel.

Det melder danske Politiken.dk.

Massive Attack, MØ og Smerz

Det ikoniske 90-talsbandet Massive Attack, danske MØ, King Krule og den irske rapgruppa Kneecap, er blant artistane som har signert.

Det har også norske Vilde Tuv, Hekt og elektronikaduoen Smerz, som består av Catharina Stoltenberg and Henriette Motzfeldt.

På nettsidene sine peikar initiativtakarane på korleis alle store plateselskap trekte seg ut av Russland etter fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022. Kort tid etterpå stengde Spotify nesten all strøyming i Russland av omsyn til sine tilsette og brukarar.

Nokre uavhengige plateselskap har òg valt å donera alle inntekter frå strøyming i Russland til Ukraina.

– Handlekraft og makt

No Music For Genocide etterlyser dei same konsekvensane for Israel som følgje av fleire tiår med ulovleg okkupasjon og nesten to år inn i det FN definerer som eit folkemord på den palestinske befolkninga.

– Dei suksessfulle kulturelle boikottane mot apartheid i Sør-Afrika beviser at vårt kreative arbeid gjev oss handlekraft og makt. Når me utøver ho saman, legg me press på ei veksande global rørsle som er avhengige av kvarandre, skriv No Music For Genocide.

Massive Attack har òg bede om at musikken deira blir trekt frå Spotify i heile verda. Bakgrunnen er at investeringsfirmaet Prima Materia, grunnlagt av Spotify-sjef Daniel Ek har investert store summar i våpenprodusenten Helsing, som mellom anna produserer såkalla sjølvmordsdroner og annan teknologi til bruk i krigføring. På Instagram skriv bandet at arbeidet til musikarar vert brukt til å finansiera «dødeleg, dystopisk teknologi».

Investert i Ukraina

Joe Hadley, leiar for musikalske samarbeid og publikum, kommenterer frå Instagram-kontoen @spotifyforartists:

– Spotify og Helsing er to ulike selskap. Eg kan ikkje snakka for Helsing, men eg veit godt at dei ikkje er involvert i Gaza. Eg veit det fordi eg hadde same spørsmålet sjølv, og spurde. Helsing sitt arbeid er fokusert på at Europa beskyttar seg sjølv i Ukraina, skriv han i kommentarfeltet under innlegget.