Hilde Selvikvåg sel «song-scrunchies» til inntekt for demensråka

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har fleire besteforeldre med demens. Det å ha familie med demens gjer at du får det tett på og ser korleis sjukdommen forandrar ein, samstundes som ein beheld ein del av den ein er, seier Hilde Selvikvåg.

Artisten håpar at ein finn ein kur for demens og at det vert meir fokus på livskvaliteten til dei som lev med sjukdommen. Ho har særleg sett korleis song og musikk kan gleda demente.

– Bestemor lever i beste velgåande og me elskar å syngja duettar saman. Når dei syng så hugsar dei jo alt mogleg av songtekstar frå dei var små, forklarar 27-åringen frå Bryne.

Les også: Mauritz laga film om då mommo mista minnene

Songen «Strike» referer til å få alle kjeglene ned i bowling og har norsk tekst trass i den engelske tittelen. Foto: Trine Selvikvåg

Heimesydde «song-scrunchies»

Tidlegare i haust lanserte ho andreplata Fanga heile verden, som ho for tida turnerer med.

Før platesleppet fortalte artisten at ho får mykje reaksjonar på at ho nyttar norske sangtekstar.

– Ein mann skreiv faktisk at det var trist at eg skulle begynne å syngje på engelsk, då han såg den nye låten Strike. Men songen er jo norsk, og viser til strike i bowling, fortalte ho til Framtida.no i august.

Det er i samband med denne plateturneen at Selvikvåg fekk ideen til å selja ein litt anna type merch til inntekt for demenssaka.

På Facebook har ho lagt ut eit innlegg som viser produksjonen av det ho har valt å kalla «song-scrunchies»:

– Det går helst i t-skjorter og capsar. Eg hadde lyst å laga noko litt annleis. Eg har ikkje sett scrunchies som merch før, seier Selvikvåg.

Ho har følgt med i motebiletet og registrert at 90-talsstrikken er tilbake, difor tydde ho til Youtube for å læra seg å laga eigne.

Les også: Årets Urørt-vinnar boikottar Facebook før plateslepp

Kommunikasjonssjef i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Randi Kiil, ønskjer private innsamlingar velkommen. Pressefoto

Moderne innsamlingsmetodar

Kommunikasjonssjef i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Randi Kiil, synest det er flott når artistar og andre tek initiativ til å støtte forskinga deira.

– Me får mange store og små gåver frå folk over heile landet. Nokre av desse er frå slike private initiativ som Hilde Selvikvåg sitt. Det vi ønskjer me oss meir av! skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Kiil fortel at dei har lange tradisjonar med innsamlingar, basarar og loddsal til inntekt for organisasjonens arbeid.

– Mykje av dei tradisjonelle aktivitetane vert framleis arrangert, samstundes ser me ei modernisering av lokale innsamlingsaktivitetar, forklarar Kiil.

Ho ønskjer slike små innsamlingar velkomne basert på tillit, men forklarar at dersom kommersielle aktørar ønskjer å støtte saka vil det vere naturleg med tydelege avtalar som regulerer samarbeidet.

– Me er svært opptatt av at pengane skal gå til den saka givarane ønskjer. I samband med salet av hårstrikkane, vil me bruka pengane til vår forsking på demens, skriv Kiil.

Silkestoffet med songtitlar på er spesialdesigna av Camilla Rosenlund og produsert i Italia. Foto: Trine Selvikvåg

Tenkjer på å utvida

Hilde Selvikvåg har laga merch som ho sjølv kunne tenkja seg å bruka. Foto: Trine Selvikvåg

I dag er det kring 77 000 personar i Noreg som har demens. Dette talet vil doblast innan 2040, ifølgje Demensforeininga, som er ein del av Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Saman med mor har Hilde Selvikvåg no sydd kring 50 «song-scrunchies», som skal bli med ut på turné.

– No har eg fått meg symasking og lært av mamma, så kanskje det vert andre ting etter kvart, seier den kreative artisten.

Salet er framleis ikkje i gong, men Selvikvåg fortel om positive tilbakemeldingar og vil sjå på andre utsalsstader enn merch-standen.

– Det er jo snart jul, så eg håpar at dei kan gleda nokon, seier Selvikvåg.