Natur og Ungdom og Greenpeace ankar domen i klimasøksmålet til Høgsterett.
mm
Grunnlova § 112

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er krystallklart at staten bryt Grunnlova og retten vår til eit sunt miljø ved å tildela nye oljefelt. Den norske oljepolitikken sviktar generasjonen min og trugar framtida vår. Difor ankar me, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom.

– Olje- og energidepartementet tek ingen klimaomsyn ved tildeling av oljelisensar i dag, og slik kan det ikkje halda fram, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom FOTO: Eirin Torgersen/Natur og Ungdom

Søksmålet gjeld brot på Grunnlovas miljøparagraf § 112 over tildeling av ti nye oljelisensar i eit nytt område i Barentshavet. Då lisensane vart tildelt, var det første gong på 20 år at staten opna så store nye område for oljeverksemd i Arktis.

LES OGSÅ: Klimasøksmål har vunne fram i andre land

Ankar direkte til Høgsterett

Organisasjonane meiner at klimatrusselen er så alvorleg at det hastar å få stoppa dei omstridde oljelisensane. Difor ankar dei direkte til Høgsterett.

Dersom Høgsterett aksepterer anken, vil det vera første gong Grunnlovas § 112 blir prøvd for Høgsterett.

– Me forventar at Høgsterett gjev klimaet det vernet det treng. Det er ikkje rom for arktisk olje om vi skal nå togradersmålet, langt mindre 1,5-gradersmålet, seier Truls Gulowsen, leiar i Greenpeace Norge.

Viktig delsiger

Organisasjonane vann ein viktig delseier i januar då Oslo tingrett anerkjende at § 112 er ein reell rettsparagraf. Det hadde staten og regjeringsadvokat Fredrik Sejersted nekta for. Likevel vart staten frikjent for brot på paragrafen, med tilvising til at utsleppa frå norskprodusert olje og gass ikkje var ansvaret til staten og ikkje dekt av miljørettane i Grunnlova.

– For menneske og miljø spelar det ingen rolle kor olja blir brunne. Ved å opna desse nye områda for oljeverksemd er den norske staten både moralsk og juridisk ansvarleg for utslippene han skapar. I løpet av rettssaka vil me halda fram å føra bevis for dette, seier Truls Gulowsen.

Les diktet: At dei unges kamp blir oversett det er da ikkje rett

Oppdatert: måndag 5. februar 2018 22.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE