Høgsterett avviser klimaanken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo tingrett avviste i januar i år kravet frå organisasjonane om at vedtaket om boring i Barentshavet skulle kjennast ugyldig.

Sidan har Natur og Ungdom og Greenpeace anka dommen og argumentert for å få anke direkte til Høgsterett fordi det hasta å få stoppa dei omstridde oljelisensane på grunn av klimatrusselen.

Ankeutvalet i Høgsterett konkluderte torsdag med at klimasøksmålet ikkje får anke direkte til Høgsterett. Saka blir i staden anka til lagmannsretten for vanleg prosedyre.

– Vi er skuffa over avgjerda til ankeutvalet, men ser fram til å argumentere for saka vår i lagmannsretten. Dette kom ikkje som noka overrasking på oss, ettersom det er få saker som går direkte til Høgsterett. Vi meiner likevel det var rett å prøve, seier Greenpeace-leiar Truls Gulowsen.

Klimasøksmålet

  • Greenpeace og Natur og Ungdom saksøkte 18. oktober 2016 staten for oljeboring i Barentshavet. Besteforeldrenes klimaaksjon vart seinare med som juridisk partshjelp.
  • Rettssaka gjekk i Oslo tingrett frå 14. til 22. november 2017.
  • Staten var representert ved regjeringsadvokaten.
  • Det var første gong paragraf 112 i Grunnlova vart prøvd for retten. Miljøparagrafen slår fast at staten skal verne om naturen og miljøet for framtidige generasjonar.
  • Organisasjonane meiner at den 23. konsesjonsrunden i 2016, der det vart opna for oljeleiting i Barentshavet, bryt med paragrafen og i tillegg er i strid med Parisavtalen.
  • Oslo tingrett avviste kravet frå organisasjonane om at vedtaket må kjennast ugyldig, og slår òg fast at staten har sett i verk tiltak, slik lova krev.
  • Miljøorganisasjonane anka i februar dommen direkte til Høgsterett.

Kjelder: NTB og Greenpeace Norge