Best karakterar til jenter i alle fag, bortsett frå eitt fag.

mm

Jentene som gjekk ut av grunnskulen i 2011 oppnådde høgare karakterar enn gutane i alle fag bortsett frå kroppsøving. I gjennomsnitt fekk jentene 42,0 grunnskulepoeng, medan gutane fekk 37,9. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Det var størst forskjell mellom standpunktkarakterane til gutar og jenter i faga norsk, kunst og handverk, mat og helse, religion, livssyn og etikk. I desse faga fekk jentene i snitt meir enn ein halv karakter betre enn gutane. I matematikk var skilnaden mellom gutar og jenter berre på 0,2 – men også her var jentene best. Kroppsøving var det einaste faget der gutane hadde noko høgare snittkarakterer enn jentene. Differansen i karakterar mellom kjønna er stabil sjølv når ein ser på den sosiale bakgrunnen til elevane.

Lågare karakter på eksamen
For begge kjønn er gjennomsnittlege karakterar til skriftleg eksamen lågare enn standpunktkarakterane, men til gjengjeld får elevane i gjennomsnitt høgare karakterar i munnleg eksamen enn i standpunkt.

Størst var differansen mellom standpunkt og eksamen i matematikk, der gjennomsnittet i standpunkt var 3,6, medan gjennomsnittleg karakter på skriftleg eksamen var 3,1 og munnleg eksamen var 4,1.

Foreldra avgjer
Karakternivået til elevane varierer utdanningsnivået til foreldra. Gjennomsnittlege grunnskulepoeng varierer med nesten 12 poeng mellom elevar som har foreldre med lågast utdanning og elevar som har foreldre med den høgaste utdanninga.

Samanhengen mellom karakternivået og sosial bakgrunn, er sterkast i faga matematikk, naturfag og samfunnsfag. Karakteren i matematikk standpunkt varierer med meir enn ein og ein halv karakter mellom elevar som har foreldre med lågast utdanning, og elevar som har foreldre med høgast utdanning. Samanhengen mellom karakterar og sosial bakgrunn er mindre tydeleg i faga kunst og handverk, kroppsøving og mat og helse.

Innvandrarar får lågare karakterar
Elevar med innvandrerbakgrunn har gjennomgåande lågare karakterar enn elevar utan innvandrarbakgrunn. Tydelegast er skilnaden i fag som norsk hovudmål og matematikk, der innvandrarane fekk meir enn ein halv karakter lågare enn øvrige elevar. Norskfødde med innvandrarforeldre har noko høgare karakterar enn innvandrarar, men i snitt noko lågare enn øvrige elevar.

Kvifor er det slik at jentene får betre karakterar på skulen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE