Ung politikar: Mia (23) frå Klepp Venstre

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I førre val var eg den yngste som stilte til val, eg er også den yngste i år, fortel Mia Bruvik på e-post til Framtida.no.

– Det gjev ein indikator på at det ikkje er mange unge i Klepp som er aktivt engasjerte og eit stort ansvar på oss få unge som går til val.

Sjølv er 23-åringen ordførarkandidat for Ventre i Klepp kommune, og samstundes politisk nestleiar i Rogaland Venstre.

Det viktigaste ein kan gjere

Bruvik byrja å engasjere seg i lokalpolitikken i 2015, rett før siste lokalval. Då hadde ho vore medlem av Unge Venstre ei stund, og ho var ikkje i tvil då spørsmålet om ho ville stå på liste kom.

– Mitt store engasjement for lokalpolitikken har difor kome etterkvart som eg har fått tatt del i ulike problemstillingar, sett kor viktig det er å vere med å påverke og kor stort potensial kommunen har, fortel ordførarkandidaten som også har sete ei periode i utval for helse og velferd.

I valkampen har Bruvik prioritert saker som engasjerer unge og unge vaksne – som idrettslag for e-sport, studieceller på biblioteket, fleksibel opningstid i barnehagen og dyrevelferd.

Hennar største fokus er at unge må stemme:

– Det er det viktigaste ein kan gjere!

Landbrukskommunen

Heimkommunen til Bruvik, Klepp, ligg på Jæren i Rogaland og har rett under 20 000 innbyggjarar. Kommunen grensar til havet i vest, og får impulsar frå dei to bykommunane i aust: Sandnes og Bryne.

– Kommunen har tydelege preg av å vere midt mellom to byar, den er innovativ og oppteken av å ta del i forsking og ulike prøveprosjekt, fortel Bruvik.

Ho forklarar at Klepp også kjøper tenester av dei større kommunane og ulike sektorar er samanslått med Bryne.

Samstundes er heile 65 prosent av arealet i kommunen er dyrka jord.

– Kommunen er den nest største landbrukskommunen i Rogaland, har rundt 600 gardsbruk og er ein av Noregs største pelsdyrkommunar, fortel Bruvik.

Dette har også gjeve utslag i mykje av den andre aktiviteten som eksisterer i kommunen: Særheim forskningsstasjon som sidan 1965 har drive kunnskapsutvikling om landbruket, Kverneland Group som er blant verdas største produsentar av jordbruksutstyr, samt fleire meieri.

Må tilretteleggje for nye tenkjemåtar

Landbruket står også for den største klimautfordringa til kommunen:

– Uansett kor mange tiltak i form av solceller, elbilar og liknande vi set i verk i kommunen, vil vi ikkje klare å nå dei nasjonale målsetjingane utan å kutte ned på utsleppa frå landbruket. Dette er inkludert både husdyr og drifta, fortel Bruvik.

Ordførarkandidaten understrekar at partiet hennar, Venstre, vil jobbe for solceller på offentlege bygg og fokusere på miljøvenlege nybygg, men meiner dei mest avgjerande kutta lyt gjerast i landbrukssektoren.

Bruvik meiner ein må legge til rette for andre driftsformer og nye tenkjemåtar, slik at landbruket kan oppnå dei utsleppskutta som er nødvendige.

– Med å endre kosthald innanfor storfe vil det her kuttast på metanutslepp. Vi må også gje nok middel til Særheim og landbrukshøgskulen på Bryne som jobbar og forskar på dette, slik at vi kan få ned totalutsleppet så mykje som mogeleg, fortel Bruvik.

Gunnleik Mæland stiller seg bak skulestreiken sine krav om klimatiltak, og legg difor ned arbeidet fredag 30. august. Foto: Katherine Kinn

Fakta

Namn: Mia Bruvik

Alder: 23 år

Yrke: Sosionom, som studerer no drama og teater

Parti: Venstre

Kommune: Klepp i Rogaland