Gjøvik Frp vil ha nettvurdering på lærarar
Framstegspariet meiner at lærarar i Gjøvik bør kartleggast og målast etter kor bra elevane deira gjer det på eksamen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er lokalval 9.september, og valkampen er godt i gang.
I Gjøvik har Framstegspartiet lagt fram sitt partiprogram for 2019 til 2023, der det mellom anna står: «det skal være mulig å finne ut på nett hvilken skole som gjør det best i de enkelte fag basert på snittkarakterer, hvilken standard byggene har, utdannelsesnivået til lærerne, hvilke fasiliteter som er på skolen og liknende».
Saka vart først omtala i Oppland arbeiderblad.
Viktig kunnskap
Dei vil også innføra ei kartlegging av kvaliteten på lærarane, basert på karakterar på eksamen for elevane til læraren. «Karakteren står som en kvalitetsinformasjon for denne læreren», står det i programmet.
– Framstegspartiet vil alltid kjempa for elevane og foreldrene sin rett til å velga det dei meiner er best for seg og sine, seier førstekandidat Øystein Andreassen til Oppland arbeiderblad.
Han meiner at det er viktig å ha denne kunnskapen tilgjengeleg, for at elevar og foreldra skal kunne gjera desse vala.