Nynorsk kultursentrum meiner den føreslegne språklova vil gi eit sterkare vern om språkmangfaldet i Noreg.
mm

– Det er svært positivt å få eit lovverk som sikrar at vi framleis kan skrive bokmål og nynorsk ved alle høve i Noreg, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Han viser til forslaget til ei ny språklov som vart lagt ut på høyring fredag. Om den vert vedteken, meiner Nynorsk kultursentrum språkmangfaldet i Noreg får eit sterkare vern.

No er det høve fram til november til å levere høyringsframlegg. Nynorsk kultursentrum har tidlegare lagt fram 17 innspel.

Les intervjuet med kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) om språklova: – Blir norsk berre eit kjøkenspråk, så mistar det status – og språk utan status blir truga

Eit offentleg ansvar

Om lova vert vedteke får heile den offentleg sektor eit særleg ansvar for å verne om språkrettane til nynorskbrukarane og for at nynorsk vert synleg for alle.

– Det er i tråd med norsk språkpolitikk at dei mindre brukte språka treng andre og fleire tiltak enn dei mest brukte. Samstundes er det svært positivt at bokmålet blir styrka med krav om klarspråk, styrka krav til rettskriving i særnamn frå offentlege etatar og at Språkrådet får eit klart mandat for arbeidet sitt, seier Sandsmark.

Direktøren trekker også fram at det er eit problem at staten kan organisere seg vekk frå pliktene i språklova, gjennom konkurranseutsetjing og selskapsmodellar. Sandsmark tykkjer pliktene bør følgje skattepengane.

Les også kva Norsk Målungdom har å seie om språklova: – Manglar konkrete nynorsktiltak

Raust på ekte

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm seier det er svært gledeleg at ei fleirtalsregjering sender ei lov på høyring som sikrar dei mange språka i Noreg. Han fortel at norsk språkpolitikk sidan jamstillingsvedtaket i 1885 har hatt som utgangspunkt at fleirtalet skal vere rause for mangfaldet.

– No vert det raust på ekte, med offisiell status for teiknspråk, urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka, seier Lodve Solholm.

Les også om Kaia (14) som måtte ha tolk for å forstå læraren: – Det følast ganske einsamt eigentleg

Norsk teiknspråk er språket som Kaia Borrebæk brukar når ho skal snakke med folk, utan tolk går kommunikasjonen lettare.

Kommentarar

ANNONSE