Norsk Målungdom: – Språklova manglar konkrete nynorsktiltak
Kvar gong ordet «nynorsk» er nemnt i forslaget til ny språklov, står det saman med bokmål.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag klokka 12 sende regjeringa eit forslag til ny språklov ut på høyring. I forslaget får norsk teiknspråk formell status, dei samiske språka får status som nasjonale urspråk og kvensk, romani og romanes som nasjonale minoritetsspråk.
– Eg er glad for at lovframlegget slår fast at den norske staten er fleirspråkleg i dag, og bør vere det i framtida, sa kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) til Framtida.no.
Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, rosar språklova for å stadfeste språkstatusane, men meiner det ikkje er nok. Skjold etterlyser konkrete tiltak:
– Det er bra at lova slår fast at nynorsk og bokmål er likeverdige og likestilte, men eg saknar likevel spesifikke tiltak for å styrke nynorsken. Dette er eit unikt høve til å styrke norsk språk generelt, og nynorsk spesielt, saman med resten av språkmangfaldet i Noreg, seier Skjold i ei pressemelding.
- Quiz: Er du driven i samisk? Eller er du kanskje betre på kvensk?
Nynorsk, men ikkje utan bokmål
Forslaget til språklov slår fast at det er eit offentleg ansvar for å fremje det minst brukte skriftspråket, men kjem likevel ikkje med nynorskspesifikke tiltak:
– Alle stadene der ordet «nynorsk» er nemnt, står det saman med bokmål. Lova må gjere det tydelegare korleis det offentlege skal fremje nynorsk. For at nynorsk og bokmål i realiteten skal bli likestilte, må lova komme med konkrete tiltak som tar omsyn til at nynorsk er eit mindre brukt språk, seier Skjold.
Ho meiner eit viktig tiltak vil vere å lovfeste det såkalla «prinsippet nynorsk», som vart introdusert i stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008. Det slår fast at nynorsk i utgangspunktet alltid høyrer med der norsk språk blir tematisert eller brukt, og må legitimerast aktivt slik at behova til nynorskbrukarane vert dekte.
Les også: Åtvarar mot mangel på journalistar som skriv nynorsk: – Skuffande og alvorleg
Etterlyser sanksjonar for mållovsbrot
Målungdomsleiaren meiner brot på mållova må føre til sanksjonar som dagbøter eller krav om at det straks vert retta:
– Ei lov utan konsekvensar er ei lov det er lett å bryte. Om regjeringa skal nå målet sitt om å styrke språkmangfaldet, held det ikkje å berre spørje pent, seier Gunnhild Skjold.
Samstundes etterlyser Gunnhild ei utgreiing som tek føre seg korleis politiske framlegg og strukturelle endringar, som den komande kommunereforma, påverkar nynorsken.
Les også: Ni av ti universitet ikkje i nærleiken av å oppfylle mållova