Ola Elvestuen: – Eg kan ikkje love at det ikkje kjem meir leiting etter olje

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag møtte klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) dei streikande elevane utanfor Stortinget. Litt over klokka 10 inntok han scena saman med Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord.

På vegne av dei streikande elevane overleverte Eiterjord krava:

  • kutte 65 prosent av norske utslepp innan 2030
  • løyve 65 milliardar årleg til klimafinansiering i u-land
  • ingen fleire oljelisensar skal delast ut

Sjå korleis folkemengda reagerer på Elvestuen sitt utsegn her: 

https://youtu.be/ODcALEH68RI

Lovar ikkje stopp i oljeleitinga

Klima- og miljøministeren fekk også beskjed av Eiterjord om at han ikkje fekk tale for dei oppmøtte med mindre han hadde nye klimatiltak å slå i bordet med.

– Klimatiltak er ikkje berre ein ting, du må gjere meir av alt. Det vi skal gjere i Noreg, er at vi skal ligge heilt i front i verda innanfor å kutte utslepp innanfor transport, forsvarte Elvestuen seg før han vart avbroten av publikum som ropte attende slagordet:

– La olja ligge, norsk olje koker kloden!

Klima- og miljøministeren fortalte dei oppmøte at regjeringa vil kutte norske utslepp så raskt som mogeleg, og lova at dei skal få til den endringa i Noreg som gjer at landet kan klare seg med ein økonomi utan olje, også i framtida.

Det var likevel eitt løfte Elvestuen ikkje kunne gje:

– Eg kan ikkje love at det ikkje kjem meir leiting etter olje i Noreg.

Det var openbert ikkje utsegnet streikande elevar og studentar var ute etter for buinga ljoma over Eidsvolls plass.

Les også intervjuet med ungdomane som er villige til å trasse mars-kulda for å hindre eit varmare klima: – Dei søv på klima. No må me stå opp og ta ansvar!

Frå venstre: Mia Elise N. Johnsen (17), Embla Ween Petersen (16), Maria Enger (16) og Vilde Willeke (16) sov utanfor Stortinget natt til fredag og droppa undervisninga på sine vidaregåande skular. Foto: Andrea Rygg Nøttveit