Gatas Parlament om skulestreiken: – Det er jo sånt som gjer at vi vert sjalue på elevane

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For Gatas Parlament er det ei ære å verte invitert til å delta på klimastreiken. Det er jo sånt som gjer at vi vert sjalue på skuleelevane, for det er utruleg bra i boka vår! skriv Gatas Parlament i ein e-post til Framtida.no.

30. august vert det igjen skulestreik for klimaet, og denne gang skal Gatas Parlament opptre for elevane som heller reiser til Løvebakken enn til skulebenken.

Den prisvinnande rapgruppa skriv at dei tidlegare har jobba med fagrørsla og vaksne i arbeid som streikar, og viser no si støtte til ungdom som gjer det same:

– Det er nydeleg at barn og ungdom streikar.

– Dei latterleggjer ungdommen

Gatas Parlament gjev si fulle støtte til elevane som streikar for klimaet. Foto: Marianne Pfeffer Gjengedal

– Det er folkeleg engasjement som endrar verda. Og ungdommen engasjerer seg i, og forstår i stor grad, klimaspørsmålets større linjer. Kidsa har alltid rett! seier Gatas Parlament.

Samstundes kritiserer gruppa motrøystene som ikkje tek ungdomen på alvor:

– Dei latterleggjer ungdommen og seier at dei ikkje forstår det store bilete. At det ikkje er «ordentleg streik», at ungdommen ikkje har ansvar og dermed ikkje bør vere med på å bestemme og slike ting.

Gatas Parlament skriv at det er dei same røystene som no kritiserer ungdomen, som kritiserer arbeidarar som går ut i streik, og oppmodar ungdommen til å ikkje høyre på dei.

– Streikevåpenet er hovudårsaka til arbeiderrøsla si makt. Det ligg også i ungdommens hender. 100 prosent støtte frå oss!

Heiltent på ein generasjon som brukar streikeretten sin

Oslo-bandet Svømmebasseng stiller også opp for å halde konsert for elevane som streikar framfor Stortinget. I ein e-post til Framtida.no fortel bandet at dei ikkje tek betalt for å spele, det er berre lydmannen som får nokre slantar.

– Vi stiller opp fordi at det er fint å støtte ei sak det dessverre blir gjort for lite for, både nasjonalt og internasjonalt.

Samstundes rosar Svømmebasseng ungdomen, og seier dei synest det er utruleg inspirerande at elevane streiker for klimaet.

– Vår generasjon og andre før har i større grad vore prega av tiltaksløyse og apati når det gjeld klimaspørsmålet. Mange har nok følt at det har vore for håplaust og stort å stille seg til. At det no kjem ein generasjon som brukar streikeretten sin, er vi heiltent på.