Nektar å delta i panel utan kvinner

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Britiske The Lancet har gått i trykken sidan 1823 og er eit av verdas største medisinske tidsskrift.

I ei pressemelding 10. august kjem Lancet-gruppa, som til saman omfattar 18 tidsskrift, med det dei kallar eit mangfaldsløfte om å sikra betre likestilling og mangfald. No skal fleire kvinner få plass i forskinga.

Det var Forskning.no som først omtalte saka i Noreg.

LES OGSÅ: Undersøking: Menn meiner det er likestilling – kvinner er ikkje heilt samde

Kjønnsbalanse gjev betre idéar

For seks månadar sidan gav Lancet-gruppa ut eit temamagasin med fokus på kvinner i vitskapen, medisin og global helse kalla #LancetWomen. Der hadde dei fokus på systematiske hinder for kvinners karriereløp og likeverd på desse felta.

Lancet-gruppa meiner det er tydeleg at grupper samansett av ulike kjønn, etnisitetar og sosiale bakgrunnar gir betre helsevitskap, fleire og betre idéar og representerer samfunnet betre.

Med mangfaldsløftet går dei mellom anna inn for å auka representasjonen av kvinner og kollegaar frå låg- og mellominntektsland.

LES OGSÅ: – Berekraftig utvikling er ikkje mogeleg utan helse, likestilling og utdanning

Nulltoleranse mot «mannel»

I tillegg til mangfaldsløftet kjem dei også med ein «ikkje-berre-menn»-politikk. Dei kallar panel med berre menn for «mannel», og skriv at Lancet-gruppa ikkje vil delta i panel på konferansar eller andre arrangement, dersom det ikkje er kvinner i panelet.

Dei ser at det tradisjonelt er desidert flest menn som får delta i panel og meiner dette hindrar ei full breidde av den ekspertisen og meiningane som finst.

I tillegg lovar dei å sikra kjønnsbalanse på arrangement dei sjølve arrangerer eller sponsar, og har som målsetjinga at halvparten av talarane er kvinner.

LES OGSÅ: Noreg markerer seg i global rapport om likestilling i politikken