Undersøking: Menn meiner det er likestilling – kvinner er ikkje heilt samde

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I høve 8. mars har Respons Analyse på oppdrag frå NRK spurt 1.531 medlemmer av deira webpanel om dei synest kvinner og menn er likestilte i Noreg.

Spørsmålet som vart stilt var: «Synest du kvinner og menn er likestilte i Noreg?»

45 prosent svarer ja, medan 50 prosent svarer nei. Men kjønnsskilnadene er markante: 62 prosent av mennene meiner at kvinner og menn er likestilt her i landet. Berre 27 prosent av kvinnene er av same oppfatning.

I Agder, Rogaland og Oslo og Akershus er folk delt på midten i spørsmålet. Her svarer 49 prosent ja.

Les også: Utdanningsgapet mellom kvinner og menn aukar

Politiske skilnadar

Brote ned på politisk tilknyting, meiner dei som ville stemt på eitt av partia på venstresida, at vi framleis har eit stykke å gå. 60 prosent på venstresida svarer nei på om menn og kvinner er likestilte. Av dei som ligg til høgre politisk, svarer 36 prosent nei.

Blant dei som har ein brutto årsinntekt på over éin million kroner, svarer 69 prosent at dei meiner at menn og kvinner er likestilte.

Ifølgje Global Gender Gap Report frå 2017 er Noreg verdas nest mest likestilte land. Berre Island scora betre på undersøkinga.

Les også om 14-åringane som etterlyser metoo i skulegarden – og går til Stortinget med krava sine.