Noreg markerer seg i global rapport om likestilling i politikken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant dei 34 landa som hadde parlamentsval i fjor er det berre Senegal som kan notera seg ein høgare del kvinnelege parlamentarikarar enn Noreg, med 41,8 prosent. Det viser ein rapport frå Den interparlamentariske union (IPU).

Etter dei siste vala har kvinnedelen i parlamenta i verda auka marginalt frå 23,3 til 23,4 prosent. Men den vesle auken er ein del av eit større bilete, der kvinnedelen folkevalde på nasjonalt nivå har auka sakte, men sikkert, i snitt 0,6 prosentpoeng kvart år, frå 11,3 prosent i 1995, til 17,8 prosent i 2007 til dagens 23,3 prosent.

Delen har auka i alle regionane i verda.

Rapporten peikar også på eit par viktige milepælar for likestillinga, mellom anna at Noreg no har ei regjering leidd av tre kvinner i dei viktigaste rollene: Statsminister, finansminister og utanriksminister.

Jacinda Ardern (37) er den første gravide statsministeren på over 30 år. Foto: Ulysse Bellier, CC BY 2.0-lisens

Gravid statsminister

Ein annan milepæl er valet av Labour-leiar Jacinda Ardern (37) til ny statsminister i New Zealand. Berre sju timar etter valet plasserte ho likestillingsskapet, då spørsmålet om familieplanar tok til å dukka opp. Ardern blei ifølgje Washington Post kraftig provosert då programleiaren Mark Richardson spurde henne rett ut om ho skulle ut i foreldrepermisjon og sa at veljarane hadde rett til å vita det, akkurat slik ein arbeidsgjevar må få vita det om ei kvinne som skal tilsetjast planlegg å få barn. I New Zealand, som i Noreg, er det ulovleg å spørja jobbsøkjarar om familiestatus eller planar om barn.

– Det er fullstendig uakseptabelt i 2017 å seia at kvinner må svara på det på arbeidsplassen. Det er uakseptabelt, freste Ardern.

I januar blei det elles kjent at Ardern er gravid. Ho er den første gravide statsministeren i verda på over 30 år.

Kvotar hjelper

Statistikken viser at det er ein samanheng med aktive tiltak, som kvoteordningar, for å auka kvinnedelen og faktisk utjamning av kjønnsforskjellar.

Nokre tilbakesteg har det likevel vore for enkelte land etter nasjonale val i fjor. På Island er det til dømes no 38,1 prosent kvinner på Alltinget, mens delen før valet var heile 47,6 prosent.

Ein video som Washington Post har sett saman viser også at kjønnsdiskriminering og nedlatande kvinnesyn lever i beste velgåande også i maktkorridorane. I tillegg til å minna om ein ikkje namngjeven polsk parlamentarikar som frå talarstolen slo fast at kvinner sjølvsagt bør tena mindre enn menn, fordi dei er mindre, svakare, mindre intelligente enn menn.

Førstesideoppslaget til Daily Mail som samanlikna leggene til den britiske statsministeren Theresa May og Skottlands førsteministeren Nicola Sturgeon blir også trekt fram som eit lågmål. (©NPK)