logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
Illustrasjonsfoto: Colourbox
MAGASINETT

– Berekraftig utvikling er ikkje mogeleg utan helse, likestilling og utdanning

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Nytt undervisningsopplegg for ungdomsskulen skal ta føre seg det sosiale aspektet ved FN sine berekraftsmål.

Bente Kjøllesdal
Publisert 22.10.2018 15:10
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Berekraftig utvikling har ein sosial, økonomisk og miljømessig dimensjon. Av desse tre har det sosiale aspektet vore mindre fokusert på og kjent. Dette skal undervisningmateriellet bidra til å gjere noko med, seier Marianne Støle-Nilsen i ei pressemelding.

Ho er lærar og seniorrådgjevar i Sex og Politikk. Med støtte frå Norad har organisasjonen no utvikla eit nytt undervisningsopplegg for ungdomsskulen. Det fokuserer på  berekraftsmåla for helse, likestilling og utdanning, og korleis seksuell og reproduktiv helse og rettar er integrert i dette.

Målet er å få elevar som er opplyste om og engasjerte for FN sine berekraftsmål.

– Berekraftig utvikling er ikkje mogeleg utan helse, likestilling og utdanning, seier Støle-Nilsen.

Les også: Lege: – Folk flest veit for lite om kvinnekroppen

Seksualundervisning i statsbudsjettet

Tidlegare i oktober etterlyste Sex og Politikk ei politisk satsing på betre seksualundervisning i skulane, men organisasjonen var skuffa då dette ikkje vart tilgodesett i statsbudsjettet.

– Vi veit at seksualitetsundervisning er heilt sentralt for at barn og unge skal kunne leve gode liv og ta gode val for seg sjølve og i møte med andre, sa dagleg leiar i Sex og Politikk, Tor-Hugne Olsen, då.

Han fekk då støtte også frå Elevorganisasjonen.

– Kompetansemåla i seksualundervisninga er der, men skulane har ikkje nok kompetanse, sa leiar Agathe Waage.

Det nye undervisningsopplegget vil vere gratis og elektronisk tilgjengeleg for lærarane. Det vert lansert på Sex og Politikk sin konferanse Fagfornyinga: Seksualitet, berekraft og tverrfarligheit på OsloMet, måndag 29. oktober. Konferansen vil fokusere på korleis seksualitet og berekraft kan verte ein del av den tverrfaglege undervisinga.

Les også: Panfile Rebecca (16) vil ha betre seksualundervisning

  • MAGASINETT
  • SKULE OG JOBB
  • Berekraft
  • seksualundervisning
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Ekspertar uroa over nedgang i kondombruk blant unge

Vil utgreie innføring av skuleuniform: – Symbolpolitikk, seier Unge Høgre

Vekas viktigaste: Personsøkar-eksplosjonar, flaum og Samsung-streik

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT