Kunsten å gi faen


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kan dei ikkje berre gi litt meir faen?

Det er spørsmålet som brenn i meg medan eg les NRK-reportasjen «Slukt av snap». Reportasjen følgjer ungdomar som går gjennom eld og vatn for å få mange og lange snapstreaks – talet som kor mange dagar på rad nokon har sendt bilete til kvarandre på Snapchat.

Viss det går meir enn 24 timar utan ein snap, mistar ein streaken og må starta på null igjen. «Da virker det som jeg er helt nørd», seier ein av tenåringane NRK har snakka med.

Faksimile: NRK.

Difor sender folk tomme, meningslause bilete til kvarandre – streaksnaps – berre for å halda streaken ved like. Difor kan folk senda over 500 snappar kvar dag. Difor er det krise å reisa ein stad utan mobildekning, og difor hyrar mange inn «vikarar» til å senda snaps for seg om dei ikkje får gjort det sjølve.

Og kvifor? «Det bare er sånn», seier ein annan tenåring til NRK.

Det verkar ikkje som at nokon eigentleg får nokon glede ut av dette; tvert imot kostar det sveitte og tårer. Sunt kan det umogleg vera.

Avhengig av at du blir avhengig

Løysinga synest difor å vera enkel: Gi faen. Kva så om du mistar snapstreaken og nokon synest du er nørd? På lista over kva som er viktig i livet, finst det uendeleg mange ting som kjem høgare enn eit tal i ein teit app.

Så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Som NRK peikar på i reportasjen, er det sterke krefter som står bak fenomenet: utviklarar som har som jobb å gjera folk enno meir hekta på mobilen sin. Konkurransen på app-marknaden er intens, og for å overleva er Snapchat enkelt sagt avhengige av å gjera folk avhengige.

Eit problem som ligg på samfunnsnivå kan ikkje løysast berre på individnivå. Kvar og ein av oss har likevel eit val om korleis me skal forhalda oss til teknologien me omgir oss med og krava me blir møtt med frå samfunnet. Me kan spørja oss: Er det eigentleg verdt å bry seg så mykje om den snapstreaken?

Viss me svarer nei, og tar konsekvensen av det, dempar me ikkje berre presset på oss sjølv. Me er me òg med på å dempa litt av presset på dei som er rundt oss.

Giving a fuck about less

Per Fugelli brukte å seia at «ein god resept på eit godt liv er å gi litt meir faen». Bloggaren Mark Manson stemmer i på dette refrenget i den bestseljande boka The Subtle Art of Not Giving a Fuck: Å gi faen er ein krevjande kunst, meiner Manson, men ein som er nødvendig å læra seg. Det er best å sitera han på engelsk:

«You are constantly being bombarded with messages to give a fuck about everything, all the time … Why? My guess: Because giving a fuck about more stuff is good for business.

And while there’s nothing wrong with good business, the problem is that giving too many fucks is bad for your mental health. … The key to a good life is not giving a fuck about more; it’s giving a fuck about less, giving a fuck about only what is true and immediate and important.»

I løpet av det korte livet vårt på jorda har me berre ei viss mengd «fucks» å gi, og kunsten er å plassera dei med omhug – ikkje strø dei rundt som perler for svin. Av alt ein skal «give a fuck about» her i verda, burde snapstreaks koma langt ned på lista.

– Ein god resept på eit godt liv er å gi litt meir faen, sa den avdøde sosialmedisinaren Per Fugelli. Foto: Erik F. Brandsborg

Livet er kjipt

Poenget er ikkje at det er lett å gi faen i snapstreaks eller andre ting, eller at det ikkje er kjipt å mista ein god streak. Sjølvsagt er det kjipt – det er ein grunn til at folk blir avhengige.

Poenget er heller å akseptera at noko er kjipt. Det finst eigentleg ikkje noko alternativ: Som NRK-reportasjen viser, må ein ofra både søvn og tørre bein for å halda på ein snapstreak over lang tid. Alt ein vel, har ei bakside. Å gi faen tyder difor ikkje at ting sluttar å vera kjipt, men det tyder at ein vel å tola det, fordi ein er medviten på sine eigne verdiar.

Men korleis gir ein faen, då? Svaret Mark Manson gir, er like uinspirerande som det er realistisk: «There is no ‘how’.» Det finst ingen metode. Ein må berre prøva, feila og prøva igjen, kanskje litt betre denne gongen.

Alternativet er å la seg jaga rundt av alt som er nytt og hipt på nettet, av alt alle rundt deg meiner. Ting du ikkje har nokon kontroll over. Det er òg eit val – og sannsynlegvis ikkje eit godt eit. Som Manson skriv:

«If you go around giving a fuck about everything and everyone without conscious though or choice – well, then you’re going to get fucked.»