Elevorganisasjonen: – Feil å forby mobilen med mindre elevane vil det

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Feil å forby mobilen med mindre elevane vil det

I førre veke vedtok den franske nasjonalforsamlinga eit totalforbod mot all bruk av duppedittar (mobilar, lesebrett o.l.) innanfor skuleområdet på grunnskulen. Elevane får lov ha mobilen med seg, men då må han liggja i sekken.

Den norske regjeringa er imot eit slikt forbod, og får støtte frå både Elevorganisasjonen og Grøn Ungdom.

– Feil å forby mobilen om ikkje elevane sjølve vil det

Agathe Waage, leiar i Elevorganisasjonen (EO), meiner lærarane må gi relevant undervisning.

– Mobilbruk i timen er ofte eit resultat av at undervisinga opplevast uinspirerande eller irrelevant, seier ho i eit intervju med Klassekampen.

Nestleiaren i Elevorganisasjonen, Alida de Lange D’Agostino, utdjupar for framtida.no.

Nestleiaren i EO, Alida de Lange D’Agostino, meiner avgjerder om mobilforbud må takast saman med elevane. Foto: Elevorganisasjonen

– Avgjerder om å avgrensa mobilbruken bør takast saman med elevane, seier ho.

D’Agostino peiker òg på at noko av ansvaret ligg hjå læraren.

– Undervisinga skal vera relevant, men ho opplevast ofte som røyndomsfjern. Ta faget P-matte på vidaregåande. P-en står for praktisk, men delar av faget er det motsette av det.

Ho trekkjer fram regresjonsanalyse som døme på noko altfor teoretisk i eit slikt fag.

– Kan det tenkjast at nokre elevar tek fram mobilen sjølv når undervisinga er god?

– Me har tillit til at elevane er på skulen for å læra. Difor blir det feil å forby mobilen med mindre elevane sjølve vil det. Mobilen er her for å bli, seier d’Agostino.

Les også: I denne byen har mobilavhengige eige fortau

– Treng ikkje nasjonale reglar

Grøn Ungdom (GU) vil ha “eleven i sentrum, ikkje systemet”, men kva vil det seia når det gjeld mobilbruk i skulen?

– Vi synest det er kult om mobilen heller vert nytta SOM EIN DEL AV undervisinga! Appar og andre digitale læremiddel burde brukast mykje meir i alle klassetrinn av skulen, seier Ola Eian, nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, til framtida.no.

Ola Eian vil ikkje at politikarane skal leggja seg for mykje opp i arbeidet til lærarane. Foto: Grøn Ungdom

– Stør de eit mobilforbod i skulen?

– Nei, politikarane treng ikkje laga nasjonale reglar for korleis lærarane skal styre klasserommet sitt. Det er ein uting at politikarar heile tida skal frata lærarane meir og meir fridom over eigen kvardag og eige yrke, seier Eian.

Les også: Frankrike forbyr smarttelefonar i grunnskulen

– Skulane vil vera populære hjå elevane

Grøn Ungdom legg seg dermed på same linje som regjeringa, som heller ikkje vil innføra noko nasjonalt forbod.

Men Karl-Eirik Kval, lektor ved Blindern vidaregåande skule og forfattar av boka Det store skolesviket, meiner me bør gå lenger for å få mobilen bort frå timen.

– Eg trur den beste løysinga hadde vore eit nasjonalt forbod. Ulempa med å overlata dette til kvar enkelt skule, er at skulane gjerne vil vera populære hjå elevane for å tiltrekkja seg mange søkjarar. Det kan koma i vegen for dei tiltaka som vil avgrensa mobilbruken, seier han til framtida.no.

Les også: Difor kjøpar eg ikkje mobiltelefon

Håpar på mobilhotell

Kval er tilhengjar av det franske forbodet, der mobilen skal liggja i sekken heile tida med mindre læraren seier noko anna.

– Eg vil ikkje tilrå totalforbod mot mobilar på heile skuleområdet. Me nyttar av og til Kahoot i undervisinga, og då treng elevane kvar sin telefon. Men til vanleg ynskjer eg ei strengare ordning enn i dag. Mobilhotell hadde vore det beste, seier Kval.

Mobilhotell inneber at lærarane tek mobilane kvar morgon og låser dei inn i eit skap. Fyrst når skuledagen er over, får elevane han tilbake. Elevane vel sjølve om dei vil levera mobilen, men dei som ikkje vil, må ha han i sekken eller veska. I friminutta er det forbode å nytta mobilen i det heile.

Les også: Mobilindustrien skjulte mobilkritisk informasjon i sju år