«OD nedkjempar netthets med kjærleik»

Maria Kårstad Sunde, Presseansvarleg for Operasjon Dagsverk
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Prosjektet engasjerte, og var det riktige prosjektet for Operasjon Dagsverk 2018. I tida etterpå har det vist seg at ikkje alle andre meiner det same om saka.

Vi har alle høyrt om Israel og Palestina. Vi har alle høyrt at det er ei komplisert konflikt med lang og vanskeleg historie, og vi har alle høyrt dei sterke meiningane på begge sidene av saka.

Vi har alle høyrt dei sterke meiningane på begge sidene av saka

Vi i Operasjon Dagsverk har fått kjenne på mange av desse meiningane. Sidan prosjektet vart bestemt i mars, har vi jamleg fått oppleve absurde påstandar og hatmeldingar. Meldingane som har kome har ikkje vore truslar, men svært ufine anklagar og ufin hets.

Les også: Operasjon Dagsverk vert kalla antisemittar, jødehatarar og nynazistar

Påstandar som at OD støttar terrorisme, at vi vil utsette staten Israel eller at vi er antisemittar har ikkje noko som helst meining i ei normal forståing av verkelegheita, men for mange av våre unge tillitsvalde opplevast det som ganske tøft å stå i.

Meldingane har stort sett kome på nett, og har kome frå vaksne som ikkje har sett seg inn i kva prosjektet eigentleg skal gå til.

Påstandar som at OD støttar terrorisme, (…) eller at vi er antisemittar har ikkje noko som helst meining i ei normal forståing av verkelegheita

Operasjon Dagsverk 2018 handlar ikkje om storpolitikk. Det handlar om ungdom som er fanga i ein konflikt dei ikkje var med på å starte, men som dei må betale konsekvensane av.

Prosjektet skal jobbe med kampanjar og politisk påverknadsarbeid for eit meir rettferdig og likestilt Palestina. Og prosjektet skal bidra til at ungdom som har vore i militærfengsel skal få traumebehandling, utdanning, og opplæring i rettar, demokrati og konfliktløysing.

Alt i alt skal OD 2018 gje ungdomar opplæring om eigne rettar, hjelp til å bearbeide inntrykk og støtte til å kome tilbake på skulen og ut i jobb.

Operasjon Dagsverk 2018 handlar om ungdom som er fanga i ein konflikt dei ikkje var med på å starte

Dette er ikkje kontroversielt. At ungdom ikkje får sine menneskerettar innfridd er urettvist, og at elevar i Noreg vil støtte palestinsk ungdom sin kamp for ei betre framtid burde vere noko å støtte.

For omtrent ei veke sida valde vi å bestemme oss for at ei lita gruppe menneske ikkje skulle få øydeleggje noko av det flottaste vi har – ungdom som engasjerer seg for ei betre verd.

Vi tok kontakt med ein del organisasjonsfolk og privatpersonar, og spurde om dei hadde lyst til å vere med å dele ein video vi kom til å poste. Vi hadde ikkje skyhøge forventingar, men responsen vi fekk var overveldande.

Les også: Unge unngår debattar på nett

Videomontasjen av menneske frå både Noreg og Palestina og tiltals kjendisar som viser kjærleik til engasjert ungdom har i løpet av nokre dagar blitt sett over 115.000 gongar, og delt over 900 gongar av både privatpersonar og organisasjonar.

Det er tydeleg at folk er lei av at nettroll prøver å styre debatten og kvele engasjerte stemmer. Sanninga er at dei ufine anklagane vi har fått kjem frå ei svært lita gruppe menneske som ikkje har sett seg inn i kva prosjektet eigentleg handlar om.

Sanninga er at dei ufine anklagane vi har fått kjem frå ei svært lita gruppe menneske som ikkje har sett seg inn i kva prosjektet eigentleg handlar om.

Vi i Operasjon Dagsverk er lei av å høyre at det ikkje fins løysingar på vanskelege konfliktar, og vi er lei av vaksne som prøver å dempe våre røyster. Det er ikkje rettvist at ungdom ikkje får innfridd sine grunnleggjande menneskerettar. Dette skal vi, saman med palestinsk ungdom, gjere noko med.

Les også: – Det er i ferd med å bli normalt å hate andre på nett. Sånn kan det ikkje vere