Amnesty vil straffe dei som spreier hat på nett

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 27.08.2021 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amnesty-leiar John Peder Egenæs meiner lovverket lyt halde enkeltpersonar ansvarlege for kva dei skriv. Foto: Tore Sætre/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Amnesty International Noreg la onsdag fram 21 forslag politikarane kan få forsyne seg av. Mellom anna vil organisasjonen endre lova slik at dei som formidlar hatefulle ytringar, kan haldast ansvarleg.

– Vi er alvorleg bekymra for ytringsfridommen til sårbare personar i Noreg. Einskildmenneske som både sjølv formulerer hets og formidlar vidare hets, er eit kjempeproblem. No må vi få lover som gjer einskildmenneske ansvarlege som formidlarar av innhald, seier generalsekretær John Peder Egenæs.

Svensk inspirasjon

Egenæs meiner norske politikarar ikkje treng å sjå lenger enn til Sverige for å finne inspirasjon.

I Sverige vart ei lov om «elektroniske oppslagstavler» vedtatt i 1998. Ho seier at den som er ansvarleg for eit slikt forum, har ansvaret for å fjerne og hindre spreiing av ytringar som bryt med svensk lov.

Lova kan brukast både mot bloggar og kommentarfelt, og straffa for å bryte lova er inntil to år i fengsel. I vinter vart administratoren for den opne Facebook-gruppa Stå upp for Sverige tiltalt for ikkje å ha fjerna rasistiske kommentarar. Dommen i saka er venta 18. juni, ifølgje nyheitsbyrået TT.

Les intervjuet med Carina Riborg Holter som har granska nordmenn som skriv hatefulle ytringar: – Nesten alle hadde familie med barn, kone, og barnebarn 

– Still krav til Facebook

Amnesty viser òg til lover i Tyskland, der sosiale medium kan straffast med bøter om dei lèt openbert ulovlege ytringar ligge ute meir enn 24 timar. Det har ført til at Facebook har tilsett fleire tusen moderatorar for å følgje med, skriv Amnesty i rapporten sin.

– Facebook er i ei særstilling i Noreg, som den desidert største plattforma for samfunnsdebatt, skriv organisasjonen.

Dei krev at politikarane stiller heilt konkrete krav til dette selskapet, som at Facebook må offentleggjere informasjon om kor mange menneske som modererer norskspråkleg innhald og kva dei behandlar og slettar.

Amnesty vil òg at Facebook legg inn meir «friksjon i systemet» for å dempe spreiinga av hatefulle ytringar. For eksempel kan selskapet avgrense kor mange postar ein kan skrive på ein dag, eller kor mange grupper og personar ein kan dele ein post med, heiter det i rapporten.

Dette er tiltaka Amnesty International føreslår:

Les også om Viktoria (16) som tek eit oppgjer med samehets: – Det å møte han fyren som hadde spydd ut så mykje faenskap på eit tastatur, ansikt til ansikt, det visste eg ikkje om eg var klar for.

Utvida redaktøransvar

Men rapporten viser òg til problemet med hat og hets i kommentarfelta til tradisjonelle medium. Organisasjonen foreslår mellom anna mediestøtte til teknologisk og redaksjonell innovasjon mot netthets og viser til prosjektet «Hele Norge Snakker», som fleire medium samarbeider om. Amnesty ber òg politikarane vurdere å utvide ansvaret redaktøren har for det som blir skrive i kommentarfelta.

Organisasjonen meiner òg det bør opprettast fleire hatkrimgrupper i politiet, og at bemanninga bør aukast kraftig for å handtere netthets. Det vil koste rundt 13 millionar kroner i året, ifølgje rapporten. I dag er det berre Oslo-politiet som har ei slik spesialgruppe. Også statsadvokatane må auke innsatsen og kunnskapen.

Politikarane sjølv må vere forbilde og sørge for å rydde i kommentarfelta på eigne Facebook-sider. Dessutan bør det lagast eit hjelpeapparat og beredskapsplan for politikarar som blir utsette for trakassering og hets, og kursing av lokalpolitikarar, foreslår Amnesty.

Den siste tida har fleire politikarar fortalt om at dei har vorte utsette for trakassering og hets på grunn av vervet dei har tatt på seg. Ifølgje ei undersøking Amnesty gjennomførte i fjor, har to av tre kvinnelege politikarar opplevd netthets.

Les også om Ali Hamza som vurderte å gje seg i politikken på grunn av netthets: – Eg forventa sakleg kritikk, men eg fekk ting som var basert på min hudfarge, min etnisitet, meg som person og korleis eg ser ut. 

Fylkesleiar i Rogaland AUF, Ali Hamza, opplevde at politiet tok saka hans på alvor då han som 16-åring anmeldte hatefulle ytringar i kjølvatnet av eit debattinnlegg.