Ny måling: Folket seier nei til endringar i abortlova

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

68 prosent av veljarane svarer at dei stiller seg negative til spørsmål om endringar i abortlova. Berre 16 prosent av folket er positive til å endre lova, viser VG-målinga.

KrF er splitta i spørsmålet

KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad har heller ikkje samrøystes støtte frå sine eigne veljarar i kravet til endringar: I KrF er 53 prosent positive, mens 31 prosent er negative til å endre lova og stramme inn retten til abort etter 12. svangerskapsveke, slik KrF krev.

Ropstad har tidlegare sagt at KrF ønsker å fjerne eller endre paragraf 2C i abortlova, som opnar for abort etter 12. svangerskapsveke der «det er stor fare for at barnet kan få alvorleg sjukdom, som følgje av arvelege anlegg, sjukdom eller skadelege påverkingar under svangerskapet».

Les også: KrFU stemte mot sjølvbestemt abort

Alle andre parti seier nei

I alle dei andre partia seier fleirtalet av veljarane nei. Motstanden mot endringar er størst blant SVs veljarar der 83 prosent er negative til endringar. I Ap er 78 prosent imot, mens blant Raudt og veljarane til Venstre er det 74 prosent som stiller seg negative til lovendringar.

Undersøkinga er basert på telefonintervju med 1.000 veljarar over 18 år, som er gjort måndag, tysdag og onsdag denne veka.

Les også: Seks ting du bør vete om abort