Songen me ikkje får høyra – Eurovision 2019 i Israel

James Puchowski, språkforskar ved Universitetet i Edinburgh
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne veka er eg på konferanse i Stockholm. Sverige, altså. Sist gong eg var her, så var eg på besøk for å sjå ein av delfinalane i Eurovision Song Contest i 2016 – Sverige var visst vertslandet.

Eit vindauge til verda

Konkurransen har tydd mykje for meg og familien min, det har han alltid gjort, og han er noko eg ser fram til kvart år. Ikkje på grunn av låtane eller artistane, men fordi det er eit vindauge til ei verd ein ikkje ser resten av året.

For mange familiar over heile Europa er Eurovision oftast ein laurdagskveld framfør TV-settet; for dei fleste så er det rein underhaldning, men for meg har eg alltid hatt eit meir akademisk og politisk perspektiv. Av den grunn boikottar eg ikkje Eurovision i Israel i år, og berre av den grunn.

Kor mykje kan du om Eurovision Song Contest? Prøv vår quiz!

Georgia, Tsjekkia og Ukraina

Heilt sidan barndommen min, har det alltid vore interessant å sjå kva for land brukar sitt eigne språk i staden for engelsk, og kva som land er med på konkurransen.

I 2007 var det spesielt interessant å sjå at Georgia og Tsjekkia skulle ta del for første gong, medan Italia ikkje hadde sendt ein einaste låt sidan 1997.

I 2005 kom Eurovision til Ukraina, kort tid etter sin revolusjon som skulle gjort landet nærare Europa og mindre avhengig av Russland. Eurovision var ein måte å visa alle framstega på. Ein reklame. Positivitet. Sjølvsikkerheit.

Eurovision er på denne måten eit konstruert teater.

Sidan 2012 har eg skrive ein del artiklar om Eurovision, og for meg har det alltid vore viktig å understreka dei politiske tonane som informerer korleis deltakande land og kringkastingsselskap utnyttar konkurransen både for å tena pengar og skapa eit positivt bilete for seg sjølv. Eurovision er på denne måten eit konstruert teater.

Merkevaren ESC

Sidan 2000-åra så har også store firma og selskap sponsa showet. Verdas største musikkonkurranse tar inn masse pengar, og ordet Eurovision har nå blitt til eit merke. Det er ikkje lenger mogleg å bruka små teater eller TV-studio, for nå forventar ESC-fans store arenaar, titusenvis av sete, og sidan 2012 ein plass framfør scenen for dei som heller vil stå. Nett som ein musikkfestival.

Eurovision er politikk, og dette er vel ein grunn til å sjå på showet.

Det heile handlar om pengar, turisme og profitt. Det gjorde det ikkje i 1956, då konkurransen blei skipa for å testa ut kringkastingspotensialet og gjera det mogleg for heile Europa å sjå på sendingar på ei og same tid.

I 2018 henta israelske Netta heim sigeren med «TOY». Det skapte kontrovers då Netta uttalte at neste finale vert i Jerusalem og vinnaren måtte nøye seg med Tel Aviv. Foto: Thomas Hanses

Glitter og menneskerettsbrot

Eurovision er politikk, og dette er vel ein grunn til å sjå på showet. Men eg veit godt at denne grunnen ikkje lokkar folk flest. Dei vil ha glitter, danselåtar, rein underhaldning.

Ikkje spørsmål om menneskerettsbrot mot det palestinske folket. Ikkje debattar rundt korleis det har blitt mogleg for Israel å ignorera tostatsløysinga, å forstørra busetjingane på Vestbredden, å nekta palestinske arabarar retten til å røysta og ta full del i den politiske avgjerdstakingsprosessen..

For eg veit at det er ein reklame. Det er likeins ein reklame for land som ikkje blir omtala på grunn av menneskerettsbrot og upopulære politiske avgjerder.

Ukritisk reklame

På laurdag blir heile Europa eina rundt ein stor, ukritisk reklame. At israelsk kringkasting har fått den internasjonale popstjerna Madonna til å opptre på scenen er nok eit bevis på dette.

Det er vanskeleg å ikkje feira noko som blei skapt for å bli heile Europas fest, og det gjer vondt.

Det var vanskeleg i 2012, då Aserbajdsjan var vertslandet og tenkte det var ålreit å riva ned bygningar og hus utan åtvaring for å skapa plass til den nye arenaen og bygga i nærleiken.

Det var vanskeleg i 2009 då Russland stansa LHBT-demonstrasjonar på grunn av landets opne homofobiske, religiøs-konservative leiarar.

Det er alltid låtar me ikkje får høyra. Historier som blir gøymde bort.

 

Eurovision gir europeiske land, Australia og Israel moglegheita til å syna fram korleis dei hadde likt å bli sett på. Kvart år høyrer me rundt 40 låtar frå deltakande land, men det er alltid låtar me ikkje får høyra. Historier som blir gøymde bort. Kritiske røyster som har blitt viska ut av biletet. Det er fascinerande. Det er skremmande. Det er politikk.

Adresse Tel Aviv

Det gjer meg trist at fansen ikkje snakkar nok ut om dette. Det gjer meg trist at artistane sjølve veit at dei ikkje får snakka om politikk, for då blir dei bannlyst frå konkurransen.

Berre artistane frå Island – Hatari – har snakka ut før, men dei får ikkje gjera det openbert nå som dei er i Tel Aviv og konkurransen har byrja. På pressekonferansen tysdag sa bandet sin representant at han hadde likt å snakka om politiske saker, men at reglane gjer at han ikkje kan det. Om dei seier noko eller gjer noko kontroversielt eller omstridt på scenen laurdag kveld er ennå ikkje klart.

Frå den vanlege politiske synsvinkelen min så skal eg ta ein titt på korleis Israel, sin stat, og si nasjonale kringkasting betraktar og brukar noko som blei til for at europearar, kvar enn dei er, kan sameinast ei natt i året. Men, av den grunn kan eg ikkje sjå på årets Eurovision til underhaldning.