Kinas svar på Justin Bieber lagar musikkvideo i Myrkdalen
Boyband-stjerna Wang Yuan (17) vekte merksemd då han kom til skianlegget i Voss kommune.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den unge songaren er frontmann i boybandet TFBoys. Bandet blir følgt av millionar av kinesarar og representerer noko heilt nytt i heimlandet. Frontmannen Wang Yuan åleine blir følgt av fleire enn 34 millionar fans på internett og er utpeikt til å vere ein av dei mest innflytelsesrike tenåringane i verda av Time Magazine.
Fekk møta Kari Traa
Måndag kom den unge stjerna til Myrkdalen i Voss med ein stab på over 20 personar. Der, i Flåm og i Bergen vil han spele inn musikkvideoen til singelen «Seventeen». Songen handlar om 17-årsdagen til Wang Yuans sjølv og skal lanserast i samband med nyttårsfeiringa i Kina i slutten av januar.
Då det unge idolet kom til Voss måndag var den tidlegare freestylestjerna Kari Traa blant dei som ønskte han velkommen. Innovasjon Norge har vore på pletten i samband med innspelinga. Håpet er fleire kinesarar skal få eit inntrykk av kva for vintermoglegheiter Noreg kan by på.
https://www.instagram.com/p/BdmzQ5nnGFm/?taken-by=roy_____wang
– Målet er ikkje at millionar av kinesarar skal komme til Noreg, men at dei rette reisande som ønskjer å oppleve vinter og ski får auga opp for Noreg. På den måten opnar Wang Yuan opp dørene til eit heilt nytt publikum, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Norge.
Vil trekkja kinesiske turistar
Myrkdalen er kjent som eitt av dei mest snøsikre stadane i landet. Besøket er eit resultat av samarbeid mellom Innovasjon Norge, Fjord Norge, Bergen Reiselivslag, Visit Flåm, Myrkdalen Hotel og kinesiske Sina Weibo, Kinas svar på Twitter.