Johanne (23): – Russland er meir enn Putin!

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 16.09.2018 01:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Johanne Furnes (23) bestemte seg for å lære eit språk, fall valet på russisk. Ho studerer statsvitskap på Universitetet i Oslo, og skal no ta eit semester i byen Petrozavodsk, fem timar nord for St. Petersburg.

– Eg har allereie studert litt russisk på UiO og er nøgd med opplegget, men eg treng å dra til Russland for å faktisk lære å snakke språket skikkeleg. Eg gler meg til å lære meir effektiv på utvekslingsopphaldet.

Vinterpalasset i St. Petersburg. Foto: Privat

Les også: Frå Moskva til Bergen med synthpop

Petrozavodsk er, med sine 270 000 innbyggjarar, på størrelse med Bergen. Johanne er glad dei skal vere i ein mindre by, fordi det då er lettare å bli kjent med dei som bur der og ta del i den russiske kvardagen.

Russisk politikk ga meirsmak

Furnes er prøvekanin for Blindern sitt nye senter for norske studentar i byen, etter at det i St. Petersburg blei lagt ned.

– Eg hadde om Russland etter Putin på studiet, og blei skikkeleg tent. Russland er eit utruleg spennande land både politisk og kulturelt.

23-åringen gler seg til å sjå meir av Russland på innsida.

– Eg har vore i St. Petersburg og sett det dei viser turistane, men eg lurer på korleis det lokale livet er.

– Mange har fordommar mot Russland

Furnes synest det er merkeleg at vi kjenner oss så distanserte til Russland som er nabolandet vårt, og så nærme USA som er på den andre sida av kloden. Medan USA har vorte glorifisert, har folk ofte negative fordommar knytt til Russland.

Marinskij teater i St. Petersburg. Foto: Privat

Ho saknar at folk assosierer Russland med meir enn Putin. Sjølv er ho svært begeistra for den russiske litteraturen og kunsten.

– Eg likar at det er ei større openheit rundt død i russisk litteratur og kunst. Litteraturen er også veldig romantisk –  dei har ein mykje finare måte å utrykke kjærleik på enn det vi har i Noreg.

Les også: Vender Russland veggen til Vesten? 

– Dessutan er russisk så fint. I tillegg til den spennande politikken, var det vakre språket ein viktig faktor då eg skulle velje meg eit språk, seier Furnes.

Studenten trur mange kunne tene på å lære russisk. Det skjer mykje spennande politisk i Russland, og samstundes har vi i Noreg både felles grense og nære handelsband til landet.

Putin er ikkje berre negativt

For oss i Noreg kan det verke rart at Putin er populær i heimlandet. I Vesten vert han skildra som ein diktator, fordi Russland, medan han har vore statsleiar, har innskrenka ytringsfridomen i landet og annektert Krim-halvøya.

Det er ikkje dermed sagt at det er dette bilete russarane sit att med. Johanne Furnes påpeiker at mange russarar er nøgde med Putin fordi dei opplever at landet har blitt meir stabilt og hatt meir vekst med han som president.

– Eg prata med folk på bar i St. Petersburg, og då var det mange som sa at dei var fornøgde med han. Det var skikkeleg spennande å følgje med på valet i mars, og eg lurer på korleis Russland blir etter Putin. Sjølv om han blei valt for ein ny runde, kjem han mest sannsynleg ikkje til å sitte meir enn denne perioden, som er på seks år.

Les også: Flest jenter på utveksling

Russisk miljøpolitikk

Furnes har lyst til å skrive bachelor om russisk miljøpolitikk, og fortel at Russland ser på nye panteløysingar, signerte Parisavtalen og generelt er meir innstilte på å bidra på miljøfronten enn USA.

– Sjølv med Trump som president, blir USA som sagt veldig glorifisert. Eg synest ikkje Trump er betre enn Putin, og trur mange i Noreg har ein del fordommar rundt Russland dei kunne utfordra, seier ho.

Om eit par månadar kan du lese meir om korleis Johanne Furnes har det på utveksling.

Les også: Ta sjansen på utveksling!