Heidrun (10) donerte vekk håret sitt

Framtida
Publisert
Oppdatert 18.06.2019 10:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

For eit par dagar sidan sat Heidrun Skaar (10) i frisørstolen og såg hårlokkane sine falla. Dette var eit bevisst val, fordi ho i over eit år har spart håret for å donera det vekk. Resultatet blei heile 25 centimeter med ubehandla og ufarga hår.

Donorhåret blei sendt til Apollo hårsenter i Haugesund, der dei lagar parykkar og hårdelar til barn, unge eller vaksne som av ulike årsaker har mista heile eller delar av håret sitt.

FØR: Heidrun har brukt godt over eit år på å spara til langt hår, og slik såg ho ut før ho klipte seg. (Foto: Privat).

– Eg las i avisa og blei inspirert av Anette Heimstad som donerte vekk håret sitt for litt over eit år sidan, fortel den unge hårdonoren.

Les også: Rebekka (15) klypte av halve håret og donerte det til ei god sak

Imponert frisør

Ei som lét seg imponera, er frisøren Kjersti Kaldestad ved Husnes Frisør. Ho fekk gleda av å klippa av donorhåret.

– Det er heilt fantastisk flott gjort av ei jente på ti år. Det er så godt at det er nokon som tenker på andre, fortel Kjersti entusiastisk.

Heidrun var den aller første kunden som har vore innom frisørsalongen med formålet om å donera vekk håret.

– Ho var fast bestemt på at ho ville gjennomføra dette og klippa av håret. Eg synest det var veldig modig gjort av ho å gå imot straumen når moten i dag er at alle unge jenter skal ha langt hår, smiler Kjersti.

Heidrun må innrømma at det var litt skummelt då frisørsaksa kom nærare og den første klippelyden var eit faktum.

Les også: Då Maria Saxegård (23) fekk håravfallssjukdomen alopecia, fekk ho mykje meir sympati enn då ho hadde angst og depresjon

Inspirerer vennene

– Eg kvidde meg litt, og det var veldig rart å klippa seg, sidan eg har hatt langt hår ei stund no, smiler tiåringen.

Men alt kler den smukke, og Heidrun er no vand med det kortare håret. Mora til tiåringen, Lilja Jonsdottir, er veldig stolt over dottera som har tatt eit slik sjølvstendig val.

– Det er ei veldig god sak, og ho får oss til å tenka på at det er mange som treng hår av ulike grunnar.

Fleire har latt seg inspirera av femteklassingen, og Heidrun fortel at mange venner no held på å spara også.

– Vil du gjera dette igjen?

– Ja! svarer ho kort og presist.

Les også: For personar med alopecia kan parykk vere heilt avgjerande for å fungere

– Ein kan seie at det berre er hår, men det handlar om identitet. Veldig mange vil ikkje vere annleis og bli sett på som annleis, forklarar leiar i Alopeciaforeningen Oda Nybakken Molstad. Biletet til høgre er frå då ho mista håret som 13-åring.

– Ein kan seie at det berre er hår, men det handlar om identitet. Veldig mange vil ikkje vere annleis og bli sett på som annleis, forklarar leiar i Alopeciaforeningen Oda Nybakken Molstad. Biletet til høgre er frå då ho mista håret som 13-åring.