Stor undersøking av nordmenn: Ja til flyktningar, nei til arbeidsinnvandring

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er utbreidd skepsis blant folk til korleis det går med integreringa av innvandrarar i Noreg. 48 prosent av dei spurde synest integreringa går dårleg.

Det er ein auke på 7 prosentpoeng sidan 2013. Samtidig er det berre 17 prosent som synest integreringa går godt, 4 prosentpoeng færre enn for fem år sidan. Det kjem fram i Integreringsbarometeret 2018, gjennomført på oppdrag av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Undersøkinga noterer også eit kraftig fall i delen nordmenn som meiner arbeidsinnvandring er «positivt for norsk økonomi» (frå 60 til 40 prosent) og delen som meiner arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa gjer ein «nyttig innsats i norsk arbeidsliv» (frå 80 til 68 prosent).

62 prosent vil ta imot fleire flyktningar med behov for vern

– Dette viser mest av alt at integrering av innvandrarar er utfordrande – og ikkje minst tar tid, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i IMDi.

På spørsmål om Noreg bør ta imot fleire eller færre innvandrarar enn i dag, svarar 41 prosent at vi bør ta imot færre, mens tre av ti synest Noreg bør ta imot fleire innvandrarar.

Deler ein opp innvandrarar i ulike kategoriar, spriker svara meir. 35 prosent seier ja til å ta imot fleire asylsøkjarar, mens 43 prosent vil ha færre asylsøkjarar. Når ein i staden spør om Noreg bør ta imot fleire flyktningar som har behov for vern, seier 62 prosent av befolkninga ja til det.

Det er klart fleire enn i tidlegare år.

Negative til religion

Nesten halvparten, 47 prosent, av befolkninga seier i undersøkinga at dei er skeptiske til personar med muslimsk tru. Dette nivået er uendra sidan undersøkinga i 2013. Samtidig svarar 21 prosent av dei spurde at dei er skeptiske til kristne.

En stor del, 56 prosent, stiller seg negative til at barna gifter seg med ein muslim. 20 prosent er negative til ein svigerson eller svigerdotter som er jøde, mens 12 prosent er negative til at barna gifter seg med ein kristen.

Skepsisen til religiøse plagg er også utbreidd. Ni av ti spurde seier klart nei til bruk av nikab, eit plagg som dekkjer ansiktet, både på jobb og skular. 83 prosent er negative til at folk dekkjer ansiktet på gata. 66 prosent seier nei til hijab på politifolk og 53 prosent seier nei til at lærarar nyttar dette plagget. Éin av tre er negative til at kvinner ber hijab på gata.

Samanlikna med 2013 er det litt færre (80 prosent) som meiner at det er mangelfull innsats frå innvandrarane som er problemet. For fem år sidan var denne delen 87 prosent. Stadig fleire meiner at manglande innsats frå myndigheitene og nordmenn er problemet.

Må tilpasse seg

Tre av fire i befolkninga meiner at «innvandrarar heilt og fullt må tilpasse seg kultur og verdiar i det norske samfunnet». Samtidig meiner like mange at «både innvandrarar og nordmenn må tilpasse seg mangfaldet i det norske samfunnet».

Ni av ti er ueinige i at innvandrarane sjølve skal kunne velje om dei skal tilpasse seg kultur og verdiar i det norske samfunnet eller ikkje.

Spørjeundersøkinga viser elles at eit lite fleirtal på 52 prosent meiner det vil vere vanskeleg å bu i eit område der fleirtalet har innvandrarbakgrunn.

I Noreg var det ved årsskiftet 917.000 innvandrarar eller personar med innvandrarbakgrunn. Dette talet er meir enn tredobla sidan 2000. Denne gruppa gjer 17,3 prosent av befolkninga i Noreg, mens delen var snautt 7 prosent i 2000. Nesten halvparten av befolkninga med innvandrarbakgrunn har bakgrunn frå land Asia og Afrika.

Utvalde funn frå undersøkinga

• Nesten halvparten av dei spurde seier dei ville stilt seg positiv til at det vart etablert eit asylmottak i området der dei bur.

• Vel 40 prosent seier dei er einige i utsegna: «Min kommune bør busetje fleire flyktningar».

• 55 prosent av dei spurde meiner at innvandring aukar faren for terroraksjonar i Noreg.

• Omtrent like mange, 56 prosent, er einige i at innvandring skaper utryggleik.

• Eit mindretal på 37 prosent meiner at innvandringa er ein trussel mot norske arbeidsplassar.

• 45 prosent seier innvandringa truar norske verdiar, mens 41 prosent meiner innvandringa truar samhaldet i det norske samfunnet.

• Halvparten av befolkninga seier verdiane innanfor islam ikkje er samsvar med grunnleggjande verdiar i det norske samfunnet. Ein tredel synest dei er i samsvar, mens ein av fire meiner at dei to verdisetta «ikkje er samsvarande i det heile tatt».

• Ni av ti meiner ein må dele grunnleggjande norske verdiar for å vere godt integrert.