«Å løyse flyktningkrisa startar med å endre måten vi ser dei og kva historier vi blir fortalde»

Anders Sørlien, rådgjevar i Norad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart først publisert på Facebook og er omsett til nynorsk med løyve frå forfattaren.

Kva for ei av desse gruppene trur du har høgast del med høgare utdanning?
A. Menn med norsk bakgrunn
B. Kvinner med norsk bakgrunn
C. Menn med innvandrarbakgrunn
D. Kvinner med innvandrarbakgrunn

Riktig svar: D

Kva for ei av desse gruppene trur du har høgast del som fullfører vidaregående?
A. Menn med norsk bakgrunn
B. Kvinner med norsk bakgrunn
C. Norskfødde menn med innvandrarbakgrunn
D. Norskfødde kvinner med innvandrarbakgrunn

Riktig svar igjen: D

Ifølgje Samordna opptak har 4828 kryssa av for utanlandsk utdanningsbakgrunn ved søknad til høgare utdanning i 2019. Kva land trur du toppar denne lista?
A. Syria
B. Filippinene
C. Sverige
D. Polen

Riktig svar: A (for andre året på rad)

Visste du at rundt 60 prosent av Tysklands 4,7 millionar muslimar er i full jobb, som er i tråd med landsgjennomsnittet, og at arbeidsløysa blant tyske muslimar er lågare enn for resten av befolkninga?

Visste du at flyktningar i snitt blir netto økonomiske bidragsytarar etter 8 år i USA?

Lykkejegarar, kostnadar og problem, vert det sagt.

Menneske med håp, draumar og ambisjonar. Som vil lære språket, jobbe og bidra, seier eg.

Å løyse flyktningkrisa startar med å endre måten vi ser dei og kva historier vi blir fortalde. Vi skal ikkje snakke mindre om problem og utfordringar, men vi må snakke meir balansert og få med heile biletet – også alt det positive som skjer.

Det har nemleg noko å seie korleis vi omtaler våre medmenneske ❤

Har du noko på hjarta? Send inn til framtida @ tips.no.