Forskarar fann ferskvatn i Norskehavet 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Funnet i Norskehavet vart gjort på 800 meters djup i to smale dalkløfter på kontinentalskråninga utanfor Lofoten, opplyser Noregs geologiske undersøking (NGU) på heimesidene sine.

Det oppstod truleg under siste istid, då den tjukke iskappa som omgav Noreg, pressa ned jordskorpa med eit veldig trykk slik at store mengder smeltevatn vart tvinga ned gjennom sprekkar på havbotnen.

Overraskande funn

NGU-forskarane veit ikkje kor mykje ferskvatn som ligg gøymt under havbotnen, og omtaler funnet som «svært overraskande».

Dei trekker parallellar til eit liknande funn gjort av amerikanske forskarar frå Columbia-universitet i New York og Oseanografisk institutt i Woods Hole i Massachusetts. Nyleg fann dei ferskvatn i Atlanterhavet, langs USAs nordkyst, tilsvarande nok vatn til å fylle 1,1 milliardar symjebasseng, ifølgje CNN.

– Det betyr at slike store lommer med ferskvatn òg kan vere ein mogleg ressurs i område der det manglar drikkevatn på land, seier prosjektleiar og maringeolog Jochen Knies ved NGU.

Ifølgje forskarane har fiskarar i Nordland tidlegare meldt om at dei òg har funne ferskvatn i sjøen ved Nordbreigrunnen, nokon kilometer utanfor Meløy kommune.