Då eg var 20: Petter Bøckman rekna med han hadde 50% sjanse å vekse opp

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 11.09.2019 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Petter Bøckman er zoolog og universitetslektor hjå Naturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo. Eit av ansvarsområda til Bøckman er å svare på spørsmål frå presse og publikum, og han har dukka opp i ei lang liste TV-program og radiosendingar.

Du har kanskje høyrt han på Abels Tårn forklare korleis kyllingar får puste i egget? Svare på spørsmål frå Ylvisbrørne i O-fag? Eller har du fått mareritt av forteljinga hans om «makk i rumpa» og ulike parasittar i kroppen?

Som tjueåring hadde Petter Bøckman enno ikkje teke fatt på vegen mot å verte «heile Noregs dyreekspert,» men han visste eigentleg at biologien kalla.

Kor var du då du var 20?

Eg er fødd heilt på tampen av året, så eg blei sendt eit år ekstra i barnehagen. Det året eg var 20 enda eg med å gjera det venane mine gjorde året dei var 19. Vera i Hæren til dømes.

Det var det herrens år 1988, og eg stod med eit bein i ungdomstida (vidaregåande, hæren) og eit bein i vaksentida (drive dank for det meste).

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

I hæren gjorde eg nett som alle andre (dvs minst mogleg), etter at eg dimma hadde eg ein del småjobbar. Eg var lærarvikar for mor mi, barnehageonkel i den næraste barnehagen og hadde nokre småoppdrag som teiknar. Det var sistnemnde som gav meg ein fot innafor på Naturhistorisk museum nokre år seinare.

Hugsar du kva som skjedde det året?

1988 var året då Sovjetunionen kollapsa, det ville ha vore vanskeleg å gløyme. Eg hadde vore aktiv i «Nei til atomvåpen» på heile vidaregåande, og hugsar at eg berre rekna med at eg hadde 50% sjanse å vekse opp i det heile tatt. Da Sovjetunionen gjekk fløyten forsvann mykje av frykta for atomkrig, men samstundes fekk eg brått ei framtid eg måtte ta stilling til.

I tjueåra byrja Petter Bøckman med laiv – levande rollespel. Foto: Privat

Då eg dimma på sommaren var eg klar for å ta opp at partylivet frå russetida, men vel heime oppdaga eg at alle venane mine hadde funne seg ting å gjera mens eg var nordpå. Jobb, utdanning, nokre hadde flytta. Eg følte meg skrekkeleg einsam. Eg hadde enda ikkje kara meg til Blindern enda, og ein hadde enda ikkje begynt med levande rollespel, ein aktivitet som skulle koma til å prega mykje av dei neste 20 åra av livet mitt.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg høyrde på gamal Pink Floyd og hang med hovudet. Som nemnd var det litt ugreitt å vera den einaste av dei gamle venane mine som ikkje hadde funne noko fornuftig å ta seg til.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Det var rundt jol i 1987. Eg hadde ikkje perm, så eg feira med å spandera ein løvbiff på meg sjølv på «Velferden» på Porsangmoen. Det var ikkje mykje til feiring.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Ein gamal ven frå vidaregåande, vi kalla ham berre «Smily» for han var slik ein blid kar, drog meg med på båttur i Fredrikstad-traktene. Det var sommar og eg var nydimittert med pengar i lomma. Vi drakk øl, grilla og hadde det topp! Det er ei veke eg ikkje har tenkt å gløyme. Om du les dette Smily, så takk!

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg har visste at eg skulle bli biolog sidan barneskulen eigentleg, eg var berre litt …seindrektig.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg tenkte minst mogleg. Eg visste at eg burde byrja å jobba eller studera. Far min byrja ymte om at han nok meinte eg burde koma meg ut av heimen. Samstundes var eg ikkje så skrekkeleg moden. Eg grudde meg til å byrja på det «verkelege livet».

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg trur eg nok hadde likt meg sjølv. Eg var ganske blid og utåtvend fyr på tross av Pink Floyd’en og at eg grudde meg til vaksenlivet. Kanskje vi hadde teke ein øl eller to (den vaksne meg hadde spandert).

Kanskje var dette ein av låtane som prega tjueåra til Bøckman? 

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Eg er ikkje sikker på om eg hadde gjeve meg så mange råd. Eg har jo blitt den eg er ved å ta dei vala eg har gjort, både smarte val og tabbar. Eg har familie, truleg den beste jobben eg kunne ha fått, hyggelege og snille kollegaer og ein trygg økonomi, så eg kan ikkje klaga. Det er slett ikkje sikkert eg hadde enda der eg er om eg hadde valt «smartare».