Då eg var 20: Christian Strand toppa VG-lista med Hotel Cæsar-hiten «Maybe baby»

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Christian Strand har vore på norske TV-skjermar sidan han var 13 år og debuterte som programleiar i ungdomsserien Midt i smørøyet allereie i 1993Sidan dess har han figurert både som reporter i Dagsrevyen og programleiar i Migrapolis og Forbrukerinspektørene.

39-åringener framleis å sjå på norske tv-skjermar. Allereie som tjueåring hadde han ei stor rolle i Skandinavia sin lengstlevande såpeserie.

Kor var du då du var 20?

Då eg var 20 år så levde eg ut ein av draumane mine, nemleg å spele i ein stor tv-serie. Eg hadde allereie vore eitt år i såpeserien «Hotel Cæsar» og gjekk dagleg rundt med piccolodrakt og bar koffertar på hotellet. Dette var ein utruleg morsom, lærerik og stor jobb som kasta meg raskt inn i arbeidslivet, og eg byrja å tene mine eigne pengar – noko eg synest var veldig stas.

Samstundes dreiv eg mykje med friidrett, men begynte å kome i det store valet om eg skulle satse vidare aktivt eller gå 100 prosent inn for ei karriere i film og tv.

Les også om då Sigrid Bonde Tusvik var 20: Ho takka nei til ei stor rolle i Hotel Cæsar.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Kvardagen min var veldig hektisk på den tida, men det kjendest ikkje heilt slik fordi eg berre gjorde ting eg syntest var utruleg gøy.

Eg gjekk dagleg rundt med piccolodrakt og bar koffertar på hotellet

Eg starta dagane tidleg med sminke og kostyme frå kl. 07, så var det leseprøver, prøver i studio og opptak fram til kl. 17. Etter det drog eg anten ned på Handelshøgskulen BI og studerte til ein bachelor i økonomi eller så drog eg på løpetrening med Sportsklubben Vidar. Viss det var noko tid til overs så var det å vere med kjærast og venner.

Eg følte eg hadde så mange timar i løpet av eit døgn. No er det annleis.

Hugsar du kva som skjedde?

Mykje skjedde heile tida. Samstundes gav eg ut musikk. Rollefiguren min, Knut Arne Olsen, skulle verte popstjerne, så då ønskte eg å synge sjølv.

«Maybe baby» vart nummer 1 på VG-lista jula 2000.

https://www.youtube.com/watch?v=HzlNraurvMw

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg såg masse film og tv-seriar. Har alltid elska det. Amerikanske seriar var det som gjorde at eg drøymde om film og TV. Eg var altetande.

Samstundes høyrde eg mykje amerikansk hiphop og popmusikk. Elska alt derfrå og drøymde å jobbe i USA som skodespelar.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Hugsar den ikkje heilt, men har hatt ein tradisjon om å feire dagen natt til 1. mai sidan eg har bursdag 2. mai, så vi var nok ein stor gjeng som spiste god mat og drakk godt.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Det er nok den raude piccolodressen som eg hadde på meg kvar dag. Den definerer meg frå eg var 19 til 22 år.

Den definerer meg frå eg var 19 til 22 år.

Les også om Magne Aasbrenn som 20-åring. Han hadde ein kvardag prega av «Elektrosjokk, isolat, faste dagsrutinar og medisinering á la filmen «Gjøkeredet».

Visste du kva du skulle bli i livet?

Visste nok ikkje heilt. Men er jo ein do’ar, så jobba hardt på og gjorde det eg måtte gjere for å nå dit eg ønska. Men noko innan TV og film, eller økonomi.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg såg veldig positivt på det, noko eg alltid har gjort. Heilt bekymringslaus. Men med klare mål.

Som 20-åring syntest teikneserieskapar Jenny Jordahl framtida var skummel: – Alt var jo totalt kaos og dystert på innsida, og eg var veldig redd for å ikkje få til livet etter Kunsthøgskulen

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Du tok dei riktige vala!

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Fortsett å bruke tid på vennar og familie. Det er dei som betyr noko.

Les om fleire interessante 20-åringar her!