Då eg var 20: Magne Aasbrenn budde i metodist-kollektiv og skreiv viser på Fredrikstad-dialekt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då eg var 20: Magne Aasbrenn budde i metodist-kollektiv

Kor var du då du var 20?

Det var i 1975. Eg flytta frå Fredrikstad til Oslo for å studere psykologi grunnfag.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg budde på «Metodistkirkens hjem for studerende ungdom» i Oscarsgate 4. Det var berre for gutar, og det var mange frå Fredrikstad der, langt ifrå alle var metodistar. Staden var litt religiøs og ordentleg. Alle damer måtte vere ute av huset klokka 23:00.

Då ho var 20 budde Hanne «TegneHanne» Sigbjørnsen i kollektiv: Hanne pleidde ligge i senga si og sjå seriar heile ettermiddagen, medan romkameraten sat i stova og røykte.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Mest inntrykk gjorde dei politiske gråpapir-rullane på Blindern-veggane, masse politisk agitasjon om Hammerverk-konflikten og krav om solidaritet med heismontørane som var i streik.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Amerikansk vestkyst-country-rock: Byrds, Eagles, Jackson Browne, Bob Dylan.

Dylan var også lydsporet til Trygve Skaug då han som tjueåring gjekk rundt med sommarfuglar i magen og planla eit frieri. 

Hugsar du 20-årsdagen din?

Var nok saman med vennegjengen i Fredrikstad den augustdagen. Vi brukte å overnatte under open himmel på halvøya Mærrapanna.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Livet på det psykiatriske sjukehuset der eg arbeidde som altfor ung, ufaglært hjelpesjukepleiar. Elektrosjokk, isolat, faste dagsrutinar og medisinering á la filmen «Gjøkeredet».

Visste du kva du skulle bli i livet?

Hadde ein forfattardraum og skreiv viser på Fredrikstad-dialekt. Kanskje bli psykolog?

Denne visa kom på trykk i Viseklubben Hartvigs songbok i 1977, men er nokre år eldre:

Foto: Privat

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg var typisk 20 og var sterkt i tvil om nokon kunne bry seg om ein person som såg så teit ut som meg og var litt tjukk. (Var eigentleg tynn som ein spikar)

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Dei derre visene dine på fredrikstaddialekt er greie nok, men du har ikkje HEILT skjønt språkgreia.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Ver glad for all uflaks i kjærleik dei neste to åra! Utan den uflaksen vil du nemleg ikkje bli saman med ho du møter når du er 22, og som du får fast følge med i 41 år (pluss, pluss!)

Det første Bjørn Hatterud ville sagt til seg sjølv som 20-åring er: – Hei du, du vil aldri finne så mange som liknar deg sjølv. Men slapp heilt av, for folk vil faktisk like deg sjølv om du er sær.