Komikaren og radioverten brukte aliaset «jay-jay the poet» i sin tidlege underhaldningskarriere.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg hugsar at eg gjekk mykje. Gjekk rundt i Stavanger medan eg høyrde på Kaizers Orchestra og drøymde om kva eg skulle gjera, som ein anna litteraturfigur.

Året er 2008 og Olav Svarstad Haugland er 20 år og stipendiat på Solborg Folkehøgskule i Stavanger.

– For nokon er eit år på folkehøgskule nok, men eg visste lite om kva eg ville studera. Då er eit år til med dovenskap heilt framifrå, skriv han på klingane nynorsk til Framtida.no.

Morosam politikarson

Dei som har følgt med på politikk i nokre år vil kjenna att etternamna som han har arva frå tidlegare KrF-leiar Valgerd Svarstad Haugland.

Foto: Privat

Sjølv har han gjort karriere som komikar og radiovert, og debuterer denne sommaren som reality-kjendis i 20-stjerners sommerferie på NRK.

Denne karrieren var i sin spede start i 2008.

– Eg hadde sagt at eg skulle byrje med standup i nokre år, men ikkje fått ut fingeren. Ein kan på fleire måtar seie at eg gjekk på meg sjølvtillit. Elles laga eg mykje «musikk». Eg må bruka hermeteikn, for ein kan tvilsamt kalla det musikk. Eg gjekk under kunstnarnamnet «jay-jay the poet». Med matchande klede, heldt eg medstudentane mine som gissel medan eg hadde timeslange konsertar. Eg lagde til saman over hundre låtar, som seinare blei rettmessig brukt i radiospalta «Min grusomme fortid» i programmet Lunsjkake på P3.

Foto: Privat

Lesegleda tilbake

20 år gamle Olav hadde nettopp fått lesegleda si tilbake etter fleire år med tørke, og pløgde seg gjennom bøkene til Arnaldur Indriðason.

– Eg brukte også mykje av tida mi på musikk. Eg meiner at favorittartistane mine var The Roots, Kaizers Orchestra, Jack Johnson og Jarle Bernhoft. Eg var også sjukeleg oppteken av musikalen «Les miserables», fordi me sat han opp på skulen og eg fekk rolla som Jean Valjean heilt utan å treffe ei tone.

Sjølve 20-årsdagen hugsar han ikkje, men han reknar med at han kjøpte sprit for første gong.

– Sikkert derfor eg ikkje hugsar det. Eg var så heldig at far min hadde ei pendlarleilegheit i Stavanger, der me kunne ha festar. Sånt gjer ein populær når ein går på folkehøgskule. Eg vil tru at bursdagen min var ein av dei meir fuktige festane.

– Kva er det sterkaste minnet ditt frå det året?

– Mitt sterkaste minne må nok vera Roskildefestivalen som eg var på for første og siste gong. I euforisk tilstand hadde eg klart å melde meg på ein «freestylebattle»-konkurranse. Eg skulle rappa framfor fleire tusen menneske, men visste ikkje at eg måtte finna på alt der og då. Eg vil ikkje seie at eg choka, men eg høyrdest nok ut som ein norsklærar som skal overraska elevane med nokre «fete rim».

Finanskrise og fotball-EM

Svarstad Haugland hugsar ikkje mykje av kva som skjedde elles i verda, men minnast at det var ei finanskrise i slutten av 2008.

– Då sat eg hos farmora og farfaren min og høyrde på farmor sine artige analysar av verdssamfunnet. Sjølv var eg glad for at eg ikkje hadde noko kapital å mista, skriv han, og legg til:

– Det var vel eit fotball-EM den sommaren? Jo, det må det ha vore, for eg hugsar at eg sneik meg tidleg frå skiftet mitt på Rema 1000 for å rekka nokre av kampane. Ingen mønstertilsett akkurat, men butikken gjekk nok rundt.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Nei, er du galen? Veit du det i ein alder av 20, har foreldra dine lagt for mange føringar. Eg visste berre at eg ville prøva meg på standup, og så blei det plutseleg livet mitt.

Foto: Privat

Udødeleg med kleskrise

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Kva har han på seg? Nokon må gje den guten nokre andre klede. Og ikkje minst: Den guten må eg få jekka ned.

– Kva var di største frykt?

– Mi største frykt var berre bagatellar. Som 20-åring følte eg meg på mange måtar udødeleg, men samstundes var eg redd for å ikkje få meg kjærast, ikkje ha nok pengar til å gjera noko artig. Eg burde ha vore meir redd for om eg kom til å lykkast, for eg hadde altfor mykje sjølvtillit med tanke på kor dyktig eg var. Eg var også litt redd for å fly, men det er eg mykje meir redd for no.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Hugs at du ikkje går på idrettslinja lenger. Dei kaloriane som du et, forbrenn du ikkje ved å sjå på fotball på TV. Eg trur kanskje eg ikkje ville sagt at eg må jekka meg ned, for det hadde vore herleg å ha litt av den sjølvtilliten i dag.