Då eg var 20: Rune Gokstad var troppsjef for 48 rekruttar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor var du då du var 20?

– Det meste av tida var eg på marinen sin rekruttskule KNM Harald Hårfagre i Stavanger.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

– Eg var instruktør og troppssjef for 48 rekruttar.

Les også om kvardagen til 20 år gamle «TegneHanne»: Eg sleit litt med å få meg vener på studiet, så eg pleidde berre ligge i senga mi og sjå på seriar heile ettermiddagane.

Hugsar du kva som skjedde det året?

– Kan ikkje kome på noko som helst, men juksa og googla 1978 og då dukka dette «massesjølvmordet» i Guyana orkestrert av Jim Jones opp. Eg hugsar at det gjorde inntrykk på meg.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

– Eg oppdaga duoen Steely Dan, som eg spelte mykje på ein nyinnkjøpt platespelar.

Hugsar du 20-årsdagen din?

– Eg hugsar at eg fylte 20, men ikkje at det skjedde noko spesielt. Var som nemnt i militæret og eit godt stykke heimanfrå.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Eg byrja å verte faretrugande tynn i håret, og syntest det var sånn passe…

Les også om då Ingvild Bryn var tjue år: Det sterkaste minnet var å ta farvel med mamma og flytta frå barndomsheimen. 

Visste du kva du skulle bli i livet?

– Då hadde eg bestemt meg for å verte vegingeniør og lagt planane om å studere jus på hylla. Og så vart eg ingen av delane til trass for at eg etter kvart begynte på begge studiane.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Alt låg jo framfor meg, så eg var vel udødeleg som dei fleste andre 20-åringar.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At dette med bart og pannelugg kjem til å gå over.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ta det med ro, dette kjem til å gå bra.

NRK-makkeren Øystein Bache rådde seg sjølv til noko litt anna: Spar pengar i BSU, tenk på alderspensjon og lær deg eit instrument.