Tysk selskap får bore etter olje – miljørørsla vil klage avgjersla

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag 16. juli gav Miljødirektoratet det tyske selskapet DEA klarsignal om å prøvebore etter olje i Trænarevet, sør for Lofoten.

Miljødirektoratet går med dette vekk frå tilrådinga frå 2010, då dei fråråda oljeboring i området av omsyn til sjøfugl.

No opplyser Natur og Ungdom i ei pressemelding at dei vil klage avgjersla til Klima- og miljødepartementet.

– Her må Ola Elvestuen rydde opp, og vise at han står for eit oljefritt Lofoten. Skjer det eit utslepp her kan oljesølet drifte langt inn på områda han har fått verna. Når vi no klagar på løyve fra Miljødirektoratet, forventar vi at miljøministeren beskyttar nokre av våre mest verdifulle område fra oljenæringa, seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen møtte elevane som streika 22. mars frå skulen for å sikre at politikarane høyrer klimakrava deira. Arkivoto: Bente Kjøllesdal

– Hasardspel med sårbar natur

I førekant har fleire miljøorganisasjonar varsla kamp. Natur og Ungdom og Bellona uttrykte si uro for naturverdiane som står på spel i ei høyringsuttaling til Miljødirektoratet. Organisasjonane peikte då på at gjeldande område er viktig som gyteområde for fisk, som hekkeplass for sjøfuglar og for sine korallrev.

Samstundes var dei uroa for konsekvensane boringa vil ha for dei nærliggande områda:

– Området er ein del av økosystemet som er knytt til Lofoten. Det er så nært Lofoten at eit utslepp herfrå vil hamne i Vestfjordbassenget med katastrofale følgjer, sa Sigurd Enge i Bellona til Fiskeribladet i juni.

Natur og Ungdom kritiserte også det dei omtalar som «manglande beredskap og utsleppsimuleringar» med omsyn til kjemikalieutslepp og oljesøl.

– Dette er hasardspel med sårbar natur! seier Eiterjord.