Melder seg ut av Ap i protest mot olje-nei

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre måtte laurdag gi opp konsekvensutgreiing av det oljeinteressante Nordland VI-feltet. Partiet går dermed tilbake på kompromisset frå landsmøtet i 2017, som opna for konsekvensutgreiinga av Nordland VI.

Natur og Ungdom og AUF jublar over vedtaket.

Fleire Ap-folk i kommunar som er avhengige av olje- og leverandørindustrien er skuffa og opprørte over vedtaket, sjølv om partiet ikkje går inn for varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja.

– Symbolpolitikk

Richard Storevik er tidlegare i leiar i Fellesforbundet Ungdom og klubbleiar for verkstadklubben ved Leirvik AS på Stord. Bedrifta har nettopp vore med på å levera budstadmodulen til den enorme Johan Sverdrup-plattforma.

Han synest ikkje noko om vedtaket på landsmøtet til Ap.

– Gratulerer til alle det gler. Eg er berre redd dei ikkje eigentleg forstår. Men honnør fordi dei står på for det dei meiner, seier Richard Storevik til Framtida.no.

– For meg handlar det om å gå tilbake på ord, gå på symbolpolitikk i ei tid vi treng hjelp, verktøy og ro. Me jobbar kvar dag me det grøne skiftet, men alle veit det er betre å jobba i ro enn kaos.

LES OGSÅ: Forskarar: – Det er på tide med tvang i klimakampen

– Øydelegg for lokalpolitikken

Richard Storevik seier det er skilnad på sentral politikk og lokal politikk.

– Her øydelegga sentralt for lokalt. Fordi Stord Ap har verkeleg talt saka til industrien, så gjer det meg òg veldig trist.

– Eg må tenkje på medlemane mine viss eg skal representera noko, og det kan eg ikkje no. Det er dropen som tippa begeret, ikkje ei enkelt sak.

LES OGSÅ: Ventar dramatisk solvekst i kommunane

Djup dal

Etter gode år for verftet dei siste åra, går det mot redusert kapasitet på Leirvik frå sommaren. Det betyr truleg at fleire av dei tilsette blir leigd ut.

– Det ser ut som ein djup dal. Vedtaket fyller vel ikkje akkurat dalen med optimisme, men det har ingen direkte konsekvens, seier Richard Storevik til Framtida.no.

Illustrasjonsfoto: Pixabay.com

Her kan du sjekka klimautsleppa frå kommunen din!