Miljørørsla varslar kamp mot tysk prøveboring sør for Lofoten

Miljødirektoratet skal snart avgjere om eit tysk oljeselskap skal få prøvebore ved Trænarevet sør for Lofoten. Miljørørsla er klar for ny kamp.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Odd Arne Sandberg er leiar i Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Pressefot

Etter at Ap sa nei til oljeutvinning i Lofoten, har Bellona peika ut Trænarevet i Nordland som det neste stridsområdet, skriv Fiskeribladet. Området har ikkje det same vernet mot oljeverksemd som Lofoten.

– Nyheita om at ein vil tildele leiteområde nært opptil Nordland VI-området er alarmerande, seier leiar Odd Arne Sandberg i Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Les også: Jubel og feiring over oljefritt-vedtak

Pessimistiske

Det tyske oljeselskapet Wintershall DEA har søkt om å få bore i Norskehavet utanfor kysten av Nordland, 83 kilometer sør for Røst og 50 kilometer nord for Træna. Miljødirektoratet skal etter planen komme med ei avgjerd i starten av juli.

– Vi er veldig pessimistiske. Vi vil derfor følgje denne saka heilt til døra. Området er ein del av økosystemet som er knytt til Lofoten. Det er så nært Lofoten at eit utslepp herfrå vil hamne i Vestfjordbassenget med katastrofale følgjer, seier Sigurd Enge i Bellona.

Kommunikasjonssjef Kjetil Hjertvik i Wintershall seier boreperioden på feltet er planlagt i oktober og vil ta om lag 30 dagar. Då er det lite fiskeriaktivitet og heller ikkje fisk som gyter, ifølgje Hjertvik.

Les også om surfarane som demonstrerte mot oljeboring i Australbukta:

Paddle out-aksjonane mot Equinor sine planar om å utvinne olje i Australbukta har spreidd seg frå Australia til Noreg. Foto: Hallvard Kolltveit