Utval vil fjerne sukkeravgifta og erstatte ho med ei helsegrunngitt avgift

Sukkeravgifta kan vere konkurransevridende og er for dårleg utforma og grunngitt, meiner Dyrnes-utvalet, som har vurdert avgifta.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utvalet konkluderer med at sukkeravgifta – avgifta på sjokoladar og sukkervarer, og dessutan alkoholfrie drikkevarer – treffer skeivt og bør avviklast. I staden bør regjeringa innføre ei ny og helsegrunngitt avgift, meiner utvalet.

– Avgiftene på sjokolade- og sukkervarer og alkoholfrie drikkevarer kan ha ei rekke effektar, mellom anna for helse, næring, grensehandel og inntektene til staten. Rapporten til utvalet er viktig for å forstå konsekvensane og samanhengane og gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet til regjeringa, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Bør sukkeravgifta fjernast og erstattast?

Bør sukkeravgifta fjernast og erstattast?

Fjern, men ikkje erstatt.33
Fjern og erstatt!11
Nei, den fungerer godt.6
Ja takk til to avgifter!4
Usikker. 4
Helsegrunna avgift? Hæ?4
Svar totalt: 62

 

Les også om forskinga som hevdar stillesitting kanskje ikkje er så farleg (men du bør ikkje liggje heilt på latsida).

Delte meiningar om når og korleis

«Utvalget finnet det uheldig at avgiften kan gi konkurransevridninger mellom aktører som produserer noenlunde like varer. Avgiften kan stimulere til økt grensehandel av sjokolade og sukkervarer», skriv utvalet i rapporten sin. Også om avgifta på alkoholfrie drikkevarer poengterer utvalet at ho først og fremst har ei budsjettmessig grunngiving og etterlyser ei avgift med ei tydeleg helsegrunngiving.

Det er semje i utvalet om at avgifta bør erstattast, men medlemmene har delte meiningar om når og korleis det bør skje.

Les også: Lågare risiko for depresjon hos dei som gjekk på kino og konsert